NRK Meny
Normal

Oddekalv rasar mot utvida utsleppsløyve

Fylkesmannen gir Firda Sjøfarmer løyve til å sleppe ut 400 tonn meir biomasse. – Heilt uakseptabelt, tordnar Miljøvernforbundet.

Kurt Oddekalv og oppdrettsanlegg

KLAGAR: Kurt Oddekalv er lite nøgd med at Firda Sjøfarmer får sleppe ut 3.120 tonn biomasse ved anlegget sitt i Hyseneset i Gulen.

Foto: Allan Klo/Villa

I ein klage til Fylkesmannen krev Miljøvernforbundet at utsleppsløyvet til oppdrettsfirmaet blir gjort om til avslag.

Anlegget på Hyseneset i Gulen har i det nye løyvet lov til å sleppe ut 3.120 tonn biomasse. Forbundet meiner miljøkonsekvensane er uforsvarlege.

– Eit slikt anlegg har eit gigantutslepp av gjødsel, som går rett i havbotnen. I tillegg mister dei så mykje fôr at dei i snitt fôrar 10,2 tonn villfisk rundt anlegget. Den villfisken er min og din mat, seier Kurt Oddekalv.

400 tonn meir

Leiaren i Miljøvernforbundet protesterer på utsleppsløyvet som gir Firda Sjøfarmer lov til å sleppe ut 400 tonn meir biomasse enn tidlegare.

I klagen skriv Oddekalv at eit slikt løyve berre vil vere akseptabelt dersom anlegget vert gjort om til eit lukka anlegg som reinsar alle utslepp.

– Eit slikt anlegg er storprodusent av lakselus. Vi har allereie i dag ein sjøaurestamme som er vaklande grunn og det er kjent at det same gjeld laksen vår. Det mange ikkje veit, er at dersom eit slikt anlegg ligg i ein terskelfjord, så sluttar torsken å gyte. For torsken avheng av reint vatn, den kan ikkje gyte i ein septiktank, rasar Oddekalv.

Finnast betre anlegg

Fylkesmannen skriv i grunngjevinga at ein skal bruke «best mogleg tilgjengelege teknikkar». Ifølgje Oddekalv er det i dag fire ulike anleggstypar på marknaden som Oddekalv meiner er betre og som hindrar denne type miljøproblem.

I klagen viser dei til. tette anlegg med låg døyelegheit, god fiskehelse og gode fôrfaktorar

– Det er mange måtar å gjere det på, som er trygge for oppdrettaren. Det kostar noko meir pengar, men industrien har sopt inn så mykje pengar siste åra at kassen burde vere fylt opp. Det burde vere eit nasjonalt krav at dei skal vere tette om to år, seier leiaren.

Opphevar vedtaket

I klagen til Fylkesmannen krev forbundet også at vedtaket blir oppheva fram til klagen er endeleg avgjort.

Fungerande miljøvernsjef, Marte Rosnes, seier dei enno ikkje har teke stilling til klagen.

– Før det, så har eg ikkje noko å seie om handsaminga av klagen, seier ho i ein knapp kommentar.

Ingen planar om lukka anlegg

– Vi har førebels ingen planar om å lage til lukka anlegg, av fleire grunnar, seier Carl-Erik Arnesen, administrerande direktør i Firda Sjøfarmer. Han held fram:

– Oddekalv har rett i at er ein del forsking på lukka teknologi, men det er per i dag ikkje noko kommersielt anlegg for sal. All produksjon går føre seg i konvensjonelle anlegg.

Han tykkjer også det er merkeleg at klaga frå Naturvernforbundet ikkje har kome tidlegare.

– Vi tykkjer klaga kjem på eit underleg tidspunkt. Det har vore ute på høyring og gjennom ei grundig behandling av alle faginstansar og Fylkesmannen har gitt løyve etter ei grundig vurdering. Kvifor dei kjem med klaga no og ikkje tidlegare, det stiller vi oss undrande til.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.