Hopp til innhold

Kladdeføre for skientusiastane

Snømangelen byrjar å irritere skientusiastane. I helga blir skirenn avlyst, og sportsbutikkane har eit trått skisal.

snømangel ullsheim markane

Næraste skiløype som har snø er i Voss. Der har dei éin kilometer – med kunstsnø. Dette bilete er frå ein tidlegare vanskeleg vinter på Ullsheim i Stryn.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Det er midt i desember, men snøen lar vente på seg. For dei som likar ski- og vinteridrett, byr dette på utfordringar. Akkurat no er det ingen skisenter som har nok snø i løypene til å kunne arrangere konkurransar i Sogn og Fjordane.

På Langeland i Gaular skal det etter planen vere skirenn komande søndag, men det må eit under til dersom det ikkje blir avlyst.

Trugar rekrutteringa

– Dette rennet må vi mest truleg avlyse. Vi har òg vurdert om det går an å flytte det, men slik skiforholda er i fylket no, så har vi ikkje andre arenaer å flytte det til, seier administrasjonssjef i Sogn og Fjordane skikrins, Yngve Thorsen.

Han er redd for at korte sesongar er ein trugsel for rekrutteringa til idrettslaga.

– Vi skulle ha kome i gang med trening og med arrangementa våre, og det kan påverke utviklinga av løparar lokalt i Sogn og Fjordane, seier Thorsen.

Men han har etter kvart sett at ein snøfattig sesongstart ikkje er nokon uvanleg situasjon.

Kai Ytterhaug

TRÅTT: Salet av ski går dårleg for Kai Ytterhaug akkurat no.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Dårleg butikk

På Sport 1 i Førde har Kai Ytterhaug seld nokre få par ski i dag, men slår fast at salet av ski er tråare så langt denne sesongen, enn i fjor.

– Då var det mykje snø på denne tida av året, men no går det mykje dårlegare. Spesielt skiutstyr for vaksne går dårleg, seier Ytterhaug.

Skiutstyr for barn går betre, sidan det er noko folk uansett kjøper i desember, som julegåver.

På G-sport i Førde seier dei òg at dei merkar snømangelen på skisalet akkurat no.

Langt til næraste skiløype

Før nyttår skal det arrangerast fleire skirenn, både i langrenn og alpint. Men akkurat no må ein reise langt for å finne snø ein kan bruke.

– På Herresåsen i Voss skal det òg vere skirenn i helga, men der har dei berre éin kilometer med kunstsnø, seier Thorsen i skikrinsen.

Men sjølv om snøen har lete vente på seg mange stader i fylket, er det og dei som alt kan kose seg i løypene.

– På Ullsheim i Stryn har vi no fleire kilometer med gode skiløyper, i tillegg så produserer vi snø som vi legg ut der det trengst, seier Arvid Hatledal i Turløyper Stryn.

Ullsheim

HER HAR DEI SNØ: I Stryn er dei godt i gang med å køyre opp fleire kilometer med skiløyper.

Foto: Turløyper Stryn