NRK Meny
Normal

Klabba til kompis - no må han i fengsel

Ein nordfjording i slutten av tenåra må sone 30 dagar i fengsel etter at han klabba til ein tidlegare kamerat i ansiktet i samband med ein fest på forsommaren i fjor.

Fjordane tingrett 11

MÅ I FENGSEL: Ein ung mann frå Nordfjord må 30 dagar i fengsel etter ein oppheta krangel i fjor sommar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det var i juni i fjor at den unge mannen var på fest saman med ei rekkje andre ungdomar ein stad i Nordfjord. Her møtte han ein tidlegare kamerat, som han på dette tidspunktet hadde blitt uvenar med.

Langa ut knyttneveslag

Då dei møttest denne kvelden enda praten i krangling og munnhoggeri. Begge hadde drukke alkohol og var rusa, og ingen hugsar nøyaktig kva som vart sagt. Etter er tid gjekk dei frå kvarandre, og vart ståande å prate med andre i nærleiken.

Nokre minutt seinare oppsøkte den domfelte fornærma, og bad han sjå på han. Deretter langa nordfjordingen ut mot fornærma, og plasserte eit knyttneveslag på høgre side av munnen hand. Fornærma blødde frå munnen og hadde tydelege smerter.

Den unge mannen som vart slått til oppsøkte neste dag tannlege, som slo fast at slaget hadde ført til at fortennene hans hadde losna.

Fornærma måtte i ein periode etter slaget gå med ein metallboge i munnen for at den eine tanna skulle feste seg att på rett plass.

60 dagar fengsel

Den unge nordfjordingen har sjølv vedgått at han slo til den tidlegare kameraten. Retten meiner han utan tvil måtte forstå at slaget han langa ut kunne føre til skadar, og meiner alle vilkåra for å straffe han er oppfylt.

Retten finn det formildande at den unge nordfjordingen har vedgått episoden, og har bede fornærma om orsaking.

I straffeutmålinga har retten også lagt vekt på at dei to krangla i forkant, og at offeret såleis ikkje var noko tilfeldig offer.

Etter ei samla vurdering har dei valt å dømme tenåringsguten til 60 dagar fengsel, der halvparten, 30 av dagane, er med ei prøvetid på to år.

Han må også betale fornærma 1000 kroner i erstatning for utgifter han har hatt til behandling av tannskadane.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå