NRK Meny
Normal

Kjøttprodusenten utvidar lokala sine

Nordfjord Kjøtt AS skal utvide produksjonslokala sine med 5200 kvadratmeter.

Nordfjord Kjøtt i Loen

BLIR STØRRE: Nordfjord Kjøtt byggje ut og får større lokale i løpet av året.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Vi har ein god produksjon og dermed behov for ei utviding. Det er vi godt fornøgde med, seier dagleg leiar i Nordfjord Kjøtt AS, Geir Egil Roksvåg.

Geir Egil Roksvåg

TRENG MEIR PLASS: Dagleg leiar i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg, seier dei treng større plass.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Til sommaren vil Stryn betongelement AS starte bygginga av tilbygget til kjøttprodusenten i Loen. Nordfjord Kjøtt AS vil då få 5200 fleire kvadratmeter å boltre seg på.

– Det vil sjølvsagt gje oss betre kapasitet og gjere det enklare for oss, seier Roksvåg.

Vil skape fleire arbeidsplassar

Han vil ikkje seie kva utvidinga vil koste for verksemda, men seier planen er at bygget skal stå ferdig til jul.

I dag har verksemda mellom 350 og 400 tilsette. Roksvåg seier dei vil ha behov for enda fleire når dei tek i bruk også dei nye lokala, men at det er for tidleg å seie kor mange.

(Artikkelen held fram under)

Nordfjord Kjøtt utviding tilbygg

NYTT TILBYGG: Slik ser utvidingsplanane til Nordfjord Kjøtt ut.

Applauderer utviding

Stryn kommune har kjent til utvidingsplanane ei stund, og har også frigjeve areal og tilrettelagt for utvidinga. Ordførar Sven Flo er veldig positiv til planane.

– Det er ei viktig og stor verksemd for kommunen og sysselset mange. Dei har hatt ei eventyrleg og fantastisk utvikling, så dette applauderer vi, seier Flo.

Sven Flo

POSITIV: Ordførar Sven Flo (H).

Foto: Trond Vestre / NRK

Nordfjord Kjøtt er ein av dei største private arbeidsplassane i kommunen og regionen. At verksemda no utvidar lokala viser at dei er framtidsretta og har vilje til å satse, meiner ordføraren

– Verksemda skapar arbeidsplassar som igjen genererer positive ringverknader både i lokalsamfunnet der dei er, men også for kommunen. Dei er ein stor bidragsytar når det gjeld skatt, og ein del av dyra dei tek i mot i sin produksjon er henta frå nærområdet, så Nordfjord Kjøtt er viktig for oss på veldig mange måtar, seier Flo.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser