Fabrikksjef Jørgen Drege ved destruksjonsanlegget Norsk Protein på Stranda stadfestar mottaket av to trailerlass med øydelagde juleribber som kom frå Gilde på Nordfjordeid.
Leiinga i Gilde Produksjon hevdar at dei ikkje kjenner til denne produksjonsskandalen der pinnekjøt frå 7.000 lam vart øydelagt.
Stadfestar
Etter mykje fram og tilbake så stadfestar no administrerande direktør i Gilde Vest, Knut Daugaard, at dette pinnekjøtet gjekk til destruering. Han opplyser at kjøtet kom frå ei anna avdeling i området til Gilde Vest, og vart sendt til Eid i eit forsøk på å berge partiet.
– Det som er bra, er at den dårlege kvaliteten vart oppdaga før kjøtet vart sendt ut til kundane, seier Daugaard.