Dagleg leiar på Mega i Nordfjordeid oppdaga to personar som stal heile dagens levering frå Gilde av kjøtvarer frå lasterampen utanfor butikken.
Dei to stakk av i ei sølvgrå stasjonsvogn og fekk med seg kjøt til ein verdi av 10 - 15 000 kroner.
Politiet leitar etter dei to og har varsla politiet på Sunnmøre.