Hopp til innhold

Kjøt-millionar til Loen-bane

Nordfjord Kjøtt går inn med kring 15 millionar i risikovillig kapital i pendelbane-prosjektet i Loen.

Planar om gondolbane i Loen

SLIK SKAL DEN BLI: Planen er å frakte turistar opp til ei plattform i 1000 meters høgde over Nordfjord.

Foto: NRK

Geir Egil Roksvåg

PENGEGÅVE: Geir Egil Roksvåg og Nordfjord Kjøtt i Loen går inn med millionar i pendelbaneprosjektet i bygda.

Foto: Benedicte Hole / NRK

Planen er å byggje ein ny turistattraksjon som skal frakte folk opp til eit utsiktspunkt på fjellet Hoven 1000 m.o.h.

– Det er heilt avgjerande for dette prosjektet, seier primus motor for prosjektet og direktør ved Hotel Alexandra, Richard Grov.

Tente 180 mill. i fjor

Administrerande direktør i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg stadfester overfor NRK.no at verksemda går inn med 15 millionar i prosjektet, men ønskjer ikkje å la seg intervjue.

Verksemda Nordfjord Kjøtt sat i 2013 att med eit overskot på 181 millionar kroner av ein omsetnad på 2,2 milliardar.

Heile pendelbane-prosjektet er kostnadsrekna til 180 millionar kroner. Målet er å trekke ytterlegare 70.000 turistar årleg til turistbygda i Stryn.

Richard Grov

TØFF OPPGÅVE: – Klart det blir ei utfordring å skaffe 180 millionar kroner, seier prosjektleiar Richard Grov.

– I Loen er vi så heldige å ha to bedrifter som har vore opptekne av samfunnsutvikling og å satse. At Nordfjord Kjøtt og Alexandra støttar dette prosjektet, er heilt avgjerande for realiseringa, seier Grov.

Hengjebru-suksess

Like i nærleiken av det som skal bli endepunktet for pendelbana, i fjellsida over hotellet, har alt hengebru-prosjektet Via Ferrata fått mykje merksemd og blitt ein turistattraksjon.

700 meter oppe i fjellsida får spreke fotturistar følgje ei krevjande turrute der det er lagt til rette med sikring, før ein passerer ei spektakulær hengebru, der ein heng 160 meter over bakken.

No jobbar Grov og prosjektgruppa for at dette berre er starten på eit fjelleventyr i bygda som også har blitt sett på kartet med sitt årvisse Skåla Opp-arrangement.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Hengjebrua

LIKE VED: Hengjebrua som er ein del av turistprosjektet Via Ferrata i Loen er alt ein attraksjon.

Foto: Jan Heggheim

– Ei investering for framtida

– Det er sjølvsagt utfordrande å finansiere 180 millionar kroner. Men dette prosjektet vil vere avgjerande for utviklinga i vesle Loen, Stryn, Nordfjord – ja, heile Sogn og Fjordane. Vi snakkar om ei investering for framtida, ikkje ei utgift, seier Grov.

Men prosjektet har også møtt motstand.

– Det er berre fokusert på dei positive sidene, og veldig, veldig lite på dei negative effektane som vi vil få, sa Johan Mindresunde til NRK.no tidlegare i år.

Han er nabo og meiner planane vil føre med seg store naturinngrep.

Grov peikar på si side på at alle grunneigarar som er direkte råka har støtta prosjektet og berre vore positive.

– For oss har det vore ein stor motivasjonsfaktor.

– Kvar står prosjektet i dag?

– Vi er godt i gang med arbeidet med reguleringsplan for området. Vi reknar med å ha ein godkjend reguleringsplan anten rett før, eller like etter jul. Det har vore gjort eit omfattande arbeid.

Created by InfoDispatcher

SJÅ TV-REPORTASJE: NRK Vestlandsrevyen presenterte planane for ei pendelbane i Loen slik. Seinare har prislappen auka med 20 millionar kroner.