Hovudargumentet for utbygging har nærmast vore at så mange i kommunen vil ha kraftverk; seier Dalin. - No er det på tide at vi viser at det er mange som også er mot utbygging.
Regjeringa gjekk i september inn for ei kraftutbygging i Kjøsnesfjorden. Utbygginga vil bety 5,7 millionar kroner meir i Jølster si kommunekassa årleg og gi straum til 11.500 husstandar. Samstundes er det eit stort inngrep i naturen - mellom anna vil delar av Jostedalsbreen nasjonalpark bli råka av ei kraftutbygging.
Tabutema
Dalin meiner det no er på tide å gi motstandarane av ei kraftutbygging eit ansikt. For han trur det til no har vore vanskeleg å gi uttrykk for misnøye. Det har nærmast vore tabu og stå fram i Jølster og seie ein er mot utbygging. Motstandarane føler seg uglesett, seier han.
Men no vil altså motstandarane organisere seg. Og Dalin trur det er fullt mogeleg å få Stortinget til å vedta noko anna enn det regjeringa har gått inn for.