Hopp til innhold

Kjøpte hundrevis av Lillehammer-jakker

Under OL i Lillehammer var jakkene eit vanleg syn, men sidan den gong har ein mann hatt nærast monopol på dei særeigne OL-jakkene. No byrjar det å minke på lageret hans.

Odd Arne Mulelid på Kaibutikken i Måløy med OL-jakke

NØGD: Odd Arne Mulelid har aldri angra på at han kjøpte eit heile varelager med OL-jakker.

Foto: Eva Westvik / NRK

– Desse jakkene har aldri vore ute for sal. Det var frivillige, regjering, kongelege og besøkjande som fekk desse jakkene, seier Odd Arne Mulelid.

Det som var att av dei karakteristiske jakkene frå dei legendariske leikane i Lillehammer i 1994 hamna til slutt på eit lager. Det låg att fleire hundre jakker som ikkje hadde blitt delt ut, og i fleire år støva dei ned utan noko funksjon.

– Men etter ein stor og betre middag, så tok eg og kjøpte heile greia. Og no har eg hatt moro med det i 20 år, seier Mulelid.

HISTORISKEBILDER

KONGELEG: Også kong Harald likte i si tid OL-jakka frå Lillehammer.

Foto: Bjørn-owe Holmberg / NTB scanpix

Sel litt jakker heile tida

Han forklarer at det var gjennom forretningskontaktar han fekk greie på at jakkesamlinga kanskje var til sals. Først takka han nei til tilbodet om å kjøpe jakkene, men han skifta altså meining etter kvart.

– Og det har eg aldri angra på.

Mulelid seier nemleg at salet har gått jamt og trutt sidan nittitalet, og at han framleis sel jakker.

– Berre denne veka har eg selt sju jakker. Så det går jamt og trutt, ja. Det er jo nesten litt trasig at det Byrjar å minke. Eg skal i alle fall ha ei hengande att til minne om heile greia.

Likevel seier han at han har nokre jakker hengande, så for dei som har lyst til å sikre seg eit eksempel, er det mogleg å gripe sjansen.