Hopp til innhold

Kjøpte ein kilo narkotika for å selje vidare

Ein mann i 20-åra må sone fire og eit halvt år bak murane, etter at han mellom anna kjøpte store mengder narkotika for å selje vidare i Førde.

beslag av amfetamin i førde

BESLAG: Mannen hadde store mengder amfetamin då politiet kom på døra. Han hadde også vakuumpakkemaskin og vakuumposar som no er inndrege.

Foto: Politiet

Hausten 2016 reiste mannen til Os, der han skaffa nesten ein kilo amfetamin og ein god del hasj og MDMA – eit råstoff i det som vanlegvis blir kalla ecstasy. Målet med handelen var å selje stoffet vidare.

Då politiet kom på døra hans hadde mannen over 16000 dopingtablettar, i tillegg til ampullar med 31500 mg testosteron, som han hadde skaffa seg på den same turen til Hordaland.

Hadde dårleg råd – ville tene pengar

– Med tilvising til at det er snakk om over 900 gram amfetamin, blir forholdet vurdert som grovt, kommenterer politiadvokaten i dommen ved Sogn og Fjordane tingrett.

Mannen selde 240 gram amfetamin ved å sende det til ein kjøpar med posten, og han selde 40 gram til ein person i Førde. Han brukte sjølv noko av amfetaminen. Overfor politiet har han vedgått både kjøp, sal og bruk.

Ifølgje dommen har mannen forklart at han hadde dårleg råd som student, og at narkotikahandelen vart gjort for å få rask tilgang på pengar.

Dopingbeslag i Førde

DOPING: Politiet fann over 16000 dopingtablettar hos mannen.

Foto: Politiet

Slo ut tenner på mann i Førde

Mannen vart i tillegg dømt for å ha slege ein mann på gata i Førde. Etter å ha vore på ein utestad i byen hamna han i eit basketak med ein mann han ikkje kjende. Han trefte vedkommande med eit knyttneveslag slik at ei tann vart slege ut, og slik at to andre tenner vart så øydelagde at dei måtte trekkjast.

Mannen vedgjekk slaget, men fleirtalet i retten kom fram til at det ikkje var ei lovleg naudverjehandling.

Han har tidlegare sona ei lengre fengselsstraff, og vart sett fri på prøve sommaren 2016. Etter at han vart teken med narkotika, har han vore varetektsfengsla. Mannen må no sone resttida i tillegg til den nye dommen. Totalt må han sitje i fengsel i fire og eit halvt år.