Hopp til innhold

Kjøpte eigne vindmøller

Dei rekordhøge straumprisane som er varsla for hausten og vinteren skremde Gunnvar Seljeseth til Danmark for å hente vindmøller.

No står vindmøllene i hagen til eikefjordingen, og skal levere straum til fire bustader, verkstad og eit uthus.

20 meter høg vindmølle

På bakketoppen ovanfor huset til Seljeseth står det ei 20 meter høg vindmølle. Den pensjonerte linjemontøren har nemleg vore i Danmark og kjøpt to vindmøller til prisen av ein. Planen er vere sjølvforsynt med straum.

Gunnvar Seljeseth
Foto: Joachim Vie / NRK

- Eg skal produsere straum til heile bruket mitt her. Om eg klarer å produsere 100 000 kilowatt for året, så skal det vere nok straum, seier han.

I dag står mølla stille. Det er berre vindmålaren som akkurat går rundt under dei fem meter lange rotorane. Men tidlegare i vår fekk han testa den nykjøpte vindmølla.

Vil ha dårleg vêr

- Eg synest det har vore litt for vindstille i heile sommar. Det har vore lite regn, og dermed lite vind også, humrar Seljeseth, som likevel har fått testa vindmøllene så mykje at han veit dei fungerer.

Rekordhøge straumprisar og tørre vassmagasin har prega media den siste tida. Straumprisane er på full veg oppover, medan staten lovar tilskot til kjøp av varmepumper og pelletskaminar. No lanserer Seljeseth med sine vindmøller, enno eit milvøvenleg alternativ. Han trur forbrukarane kan tene mykje på å nytte seg av dei muligheitene som finnst.

Vindmølle
Foto: Joachim Vie / NRK

- Straum blir jo berre dyrare og dyrare. Folk har ressursar på gardane som dei ikkje nyttar seg av, meiner han.

Treng ikkje konsesjon

Sidan vindmøllene er eit lågspenningsalternativ treng ein ikkje søkje NVE om konsesjon. Då er det berre kommunen som kan sette ned foten, men det gjorde dei ikkje i Seljeseth sitt tilfelle.

- Handsaminga i kommunen gjekk veldig greit. Eg har heller ikkje fått negative signal på at eg har skaffa meg vindmøller, seier Seljeseth.