Hopp til innhold

Kjøpte berre eitt klesplagg i fjor

I heile fjor kjøpte ho berre eitt einaste nytt plagg. No har ho fått med seg heile familien på kjøpestopp.

Frida Bjørnereim skal ha shoppestopp i 2020.

MILJØMEDVITEN: Frida Bjørnereim frå Gloppen kuttar forbruk for å spare miljøet.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Avgjerda vart teken hovudsakeleg med tanke på miljøet.

– Det å minske klesforbruket sitt er noko av det enklaste ein kan gjere, for å vere med å berge kloden litt. I klesindustrien er det svært mykje utslepp av klimagassar. Eg har alt eg treng, og det eg ikkje har, kan eg lett få tak i brukt, seier Bjørnereim.

For anledninga har ho på seg det einaste nye klesplagget ho kjøpte i fjor, ein koksgrå genser.

– Ja, utanom sokkar, undertøy og strømpebukse så var genseren det einaste nye plagget eg kjøpte.

–Kva slags genser er dette?

– Det er skulegenseren til Firda Vidaregåande skule, der eg er elev. Genseren har logoen til Firda vidaregåande og etternamnet mitt på ryggen.

Overraskande lett

Då ho i fjor bestemte seg for å innføre kjøpestopp for seg sjølv, trudde ho det skulle verte vanskelegare enn det synte seg å vere.

– Det har gått overraskande bra. No hadde eg ikkje eit stort klesforbruk i utgangspunktet, så det hjelpte veldig, seier Bjørnereim.

I tillegg har ho sjølv tatt symaskina fatt for å sy nye klede og reparere gamle.

– Eg er ikkje så veldig godt trent på det enno, men eg har ei mamma som er svært flink og ho hjelper meg. Og om ein kan litt så er det ikkje så vanskeleg å reparere ting som vert slite, seier Bjørnereim.

Verva familien

Etter at ho gjennom heile 2019 hadde sjølvpålagt innkjøpsstogg, har ho i år tatt steget vidare og verva resten av familien.

– Grunnen til at eg utfordra dei til å vere med er at Natur og Ungdom, saman med Fremtiden i våre hender og gjenbruks-appen «Tise», har ein nasjonal kampanje om kjøpestogg.

Dermed gjekk utfordringa vidare til resten av familien som også bestemte seg for å vere med

– Veslebror min sa at han kunne vere med, men berre dersom han fekk den Bil-temabuksa som han ønska seg til jul. Då kjøpte eg den buksa til han og då var han med, ler Bjørnereim.

Alle kan gjere litt

I Fremtiden i våre hender set nestleiar Christoffer Ringnes Klyve stor pris på det som Bjørnereim gjer.

Christoffer Ringnes Klyve

IMPONERT: Christoffer Ringnes Klyve er nestleiar i Fremtiden i våre hender.

Foto: Jon Skille Amundsen / Framtiden i våre hender

– Det er heilt klart imponerande. Det er etter kvart svært mange som kjenner på at dei skulle ha gjort noko for miljø og klima, men lurar på kva. Då er det fint at ein kan gjere heilt konkrete ting utan ein må legge om heile livet, seier Klyve.

Han trur at klimastreikbevegelsen blant anna har ført til mykje merksemd kring spørsmålet blant dei unge.

– For dei som ynskjer å engasjere seg er det mange nettstadar og appar der ei kan handle brukte klede og liknande. Og elles så kan ein kanskje spørje bestemor om korleis ho gjorde det, når ho reparerte eller sydde om klede, seier Klyve.