NRK Meny
Normal

Kjøpte barnebøker for 37.000 kr

Eit ektepar som vitja bokfestivalen i Fjærland i helga stod for litt av eit kjøp.

Mundal hotell
Foto: Ottar Starheim / NRK

For då dei var innom festivalen kjøpte dei barnebøker for heile 37.000 kroner.

Claus Kvamme i bokbyen kan berre konstatere at dei har slike gjestar alt for sjeldan.

- Mobilen min ringte og ei stemme spurde om vi hadde så mange barnebøker at det var plass i ein Mercedes. Eg sa at deg skulle late seg gjere, seier han.

Bilen for liten

Men det viste seg fort at bilen deira ikkje var stor nok til alle bøkene dei ynskte. For då ekteparet frå Lillehammer-traktene kom fram til Fjærland, tok dei først ei runde og såg på alle barnebøkene før dei verkeleg slo til.

- Dei kom tilbake og hadde det forslaget at dei skulle kjøpe alt i eit bestemt rom. Bilen var ikkje stor nok, så dei måtte komme igjen for å hente resten, seier han.

1500 bøker

Totalt reiste dei med avgarde med rundt 1500 bøker. Kvamme vil ikkje ut med kven som har kjøpt bøkene, men seier ekteparet hadde planar om å byggje opp eit barnebibliotek i samband med ein leikepark. Bokseljaren er glad for at bokbyen no har sikra seg viktige inntekter. Og ekteparet er sjølvsagt velkomne tilbake til Fjærland.

- Vi skal heise flagget viss vi høyrer at dei kjem, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå