NRK Meny
Normal

Må punge ut etter kjøp av 100.000 bier

Den ferske birøktaren frå fylket kjøpte 100.000 bier i Hordaland. Med på flyttelasset kom også ein smittsam parasitt som tek livet av bier.

Bier

ILLUSTRASJON: Overføringa av varroa-smitta bier frå Hordaland vart tilfeldig oppdaga då den ferske birøktaren spurte andre birøktarar om hjelp. Birøktarlaget har følgd opp med undersøkingar og møte for å hindre at sjukdomen spreier seg.

Foto: Tormod Rossavik / colourbox.com

No har mannen fått og godteke ei bot på 12.000 kroner frå politiet for å ha flytta Varroa-smitta bier frå eit smitta område til eit friskt område.

Fylkesleiaren i Birøktarlaget, Runar Matsui-Li, meiner bota er ei kraftig åtvaring.

Runar Matsui-Li

FYLKESLEIAR: Runar Matsui-Li er fylkesleiar i Birøktarlaget.

Foto: May Britt Eide

– Bota var overraskande, men kanskje også i samsvar med behov. Vi føler at det må vere sanksjonar for slikt. Det er eit kraftig varsel og uttrykk for at ein tek regelverket på alvor, seier han.

Destruerte biesamfunn

Det sette ein støkk i birøktarmiljøet då den smittsame varroa-midden for første gang vart påvist i Sogn og Fjordane i 2015. Det er ikkje mogleg å fjerne midden frå ei bikube utan å drepe biene.

Parasitten fører til død og sjukdom hos bier . For birøktaren fører sjukdomen til nedsett honningproduksjon, meir arbeid og auka utgifter.

– Biesamfunnet vart destruert rimeleg raskt og neste steg var å sjekke alle bikubar i lokalsamfunnet. Det vart funne ei bikube til med smitte. Også den vart destruert. No er vi ganske trygge på at vi klarte å den ned att, seier Li.

Forbode å flytte

Midden, som høyrer naturleg til hos den asiatiske honningbia Apis cerena, vart første gang påvist i Norge i 1993. No er den spreidd over heile landet, med unntak av Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og dei fire nordlegaste fylka.

I området med varroamidd er det naudsynt å regelmessig behandle biene for å halde mengda av midd nede.

– Det er ikkje ynskjeleg at sjukdomen vert spreidd og difor er det innført forbod mot flytting frå område med varroamidd til område der sjukdomen ikkje er påvist tidlegare, seier fungerande avdelingssjef i Mattilsynet, Bente Elisabeth Lien.

– Spør oss om råd

Matsui-Li har forståing for regelverket kan vere vanskeleg å tolke og forstå for ferske birøktarar.

– Det er veldig stor mangel på biesamfunn i Norge og det er stor interesse for å halde bier. Då kan ein fort bli veldig ivrig og gløymer å sjekke regelverket, seier han og avsluttar:

– Vi oppmodar alle nye birøktarar til å kontakte birøktarlaget sentralt eller lokalt for hjelp og rettleiing. Vi ser no at Mattilsynet ser veldig alvorleg på brot på forskriftene.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser