NRK Meny
Normal

Kjøpesenter med kloakklukt

Kjøpesenteret Pyramiden i Gaupne får daglege klager på kloakklukt i lokala.

Pyramiden i Gaupne
Foto: Ottar Starheim / NRK

I eit brev til kommunen skriv senterleiinga at det er toaletta som Luster kommune eig og som blir nytta av Sogn Billag som er problemet.

Billaget har toalett og venterom vegg i vegg med handlesenteret, og senterleiinga meiner  lukta kjem derifrå. Det blir òg peika på at vedlikehaldet av toaletta er dårleg.

Senterleiinga ber no Luster kommune om å sjå på problemet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.