Formannskapet i Sogndal vedtok torsdag kveld at dei vil krevje at parkeringsplassane til det planlagde kjøpesenteret i Nedrehagen og på Skjeldestad i Sogndal skal vere offentleg eigedom, og at det skal krevjast parkeringsavgift.
- Uråd å gjennomføre
Om dette vedtaket blir ståande også når saka er ferdigbehandla i kommunestyret, seier Mæhle at det vil bli uråd å gjennomføre utbygginga av kjøpesenteret på 40.000 kvadratmeter til ein kostnad på over ein milliard kroner.
- Vi konkurrerer med Førde, Voss og Åsane som har gratis parkering. Vi må ha gratis parkering i to til tre timar for å kunne gjennomføre dette, seier Mæle som varsla sitt ultimatum i brevs form til Sogndal kommune denne veka.
Brot på prinsippa
Men administrasjonen i Sogndal kommune kunne ikkje gå med på dette, fordi det ville vere eit brot på prinsippa dei har lagt seg på overfor det eksisterande kjøpesenteret i kommunen, Sogningen Storsenter.
Rådmannen tilrådde at Sjølyst skulle bygge og betale for parkeringsplassane, medan kommunen skulle eige dei og krevje avgift frå første time. Torsdag kveld vart dettte vedteke først i forvaltningsutvalet mot Framstegspartiet og Venstre sine stemmer, så i formannskapet mot Framstegspartiet si stemme. Venstre har ikkje plass i formannskapet.
Trass i tilbakeslaget vel Mæle å sjå optimistisk på situasjonen, og seier planane i Sogndal ikkje er skrinlagde enno.
- Framleis optimistiske
- Dette er eit vanskeleg spørsmål for oss og eit like vanskeleg spørsmål for kommunen. Vi er framleis optmistiske og jobbar vidare så lenge dette ikkje er endeleg vedteke politisk. Politikarane i Sogndal må få tid til å jobbe med dette, og eg er sikker på at dei tenker like hardt for å kome fram til ei løysing som vi gjer, seier Mæle.
- Vi har respekt for synspunkta til Mæle, men vi har eit ansvar for å tenkje heilskapeleg og langt fram i tid, seier ordførar Jarle Aarvoll.
Eintydige politiske signal
Han håpar på at dei fram til kommunestyremøtet neste torsdag kan ha ein dialog med Sjølyst, men samstundes slår han fast at dei politiske signala er eintydige i Sogndal.
- Vi ynskjer denne etableringa, men samstundes som Sjølyst ser Førde og Åsane som sine konkurrentar har vi eit ansvar for resten av handelsstanden i Sogndal. Og så er spørsmålet: Skal vi legge til rette for auka bilbruk?