Hopp til innhold

«Største investeringa nokon gong»

Sparebanken Sogn og Fjordane har brukt 152 millionar på å kjøpe 10 prosent eigarskap i forsikringsselskapet Frende, som held til i Bergen.

Arvid Andenæs

SPENTE: Vi er spente, men ikkje nervøse, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs. Dei skal ikkje lenger samarbeide med, men konkurrere mot, Gjensidige.

Foto: Arve Ullebø

Ifølgje ei pressemelding frå Sparebanken er dette den største enkeltinvesteringa i ein aksjepost som nokon gong er gjort av ei verksemd frå Sogn og Fjordane.

– Dette gjer vi rett og slett fordi vi ønsker å vere med i verdiskapinga som skjer i eit selskap som vi distribuerer tenester for, seier administrerande direktør Arvid Andenæs til NRK.

Frå tysdag 1. juli sel dei forsikringar for Frende. Sparebanken hadde tidlegare ein avtale med Gjensidige om å selje forsikringar. Der var dei ikkje med i eigarskapet, og fekk difor ikkje ta del i utbyttet.

– Det følte vi var strategisk feil på lang sikt. Vi ønskte å vere med å eige i selskapet vi sel forsikring for, slik at vi får inntekter både gjennom provisjonar og gjennom utbytte i selskapet der vi er med på å akkumulere verdiar, seier Andenæs.

– Det har lyst å tene meir pengar med andre ord?

– Vi har lyst å tene meir pengar på det, og det må vi for å ha konkurransedyktige tilbod. Men vi ønsker også at eigarskapet skal sitte regionalt.

Tek opp kampen med storbankane

For Andenæs seier dette ikkje berre er ein kamp for å tene meir pengar, men også ein kamp mot sentralisering

– Vi vil ikkje berre vere med på trenden der eigarskapet forvitrar til store nasjonale og internasjonale selskap, der vi ute i distriktet skaper og samlar opp verdiar som går ut av regionen.

– Så de freistar no å ta opp kampen med større aktørar og behalde fleire verdiar her i regionen?

– Det gjer vi. Og det gjer vi i lag med andre uavhengige sparebankar langs kysten av Norge, og det tykkjer vi er ein god forretningside.

Trur lite vil endre seg for kundar

Andenæs hevdar kundane ikkje vil merkje mykje til endringane.

– Vi trur veldig lite vil endre seg for kundane. Mange av dei som tidlegare jobba med forsikring, er framleis i banken og kundane vil møte dei same ansikta.

Men nokre nye ansikt vert det.

– No er det også fleire av våre tidlegare bankmedarbeidarar som også er i stand til å selje forsikring. No kan du snakke med den same personen, din eigen rådgjevar, også om forsikring.

Ei endring er at Sparebanken no kan tilby forsikring til næringslivskundar.

– Det var ein rett Gjensidige hadde. Gjennom vårt eigarskap og vår avtale med Frende tilbyr vi også forsikring til alle våre næringslivskundar. Det er ein god sak for oss, og ein god sak for våre kundar.

Startar på null

Han seier dei vurderer risikoen med avtalen som liten, fordi Frende er over etableringsfasen og er eit solid selskap.

Men han vedgår at dei no må starte med blanke ark.

– Risikoen er jo at vi startar på null med vår eigen kundeportefølge. Risikoen ligg i at vi lukkast med å selje forsikringar. Kundane vi hadde var gjensidige sine.

For dei har mista mange kundar no.

– Ja, vi mistar ganske mange millionar i løpande inntekter.

Likevel er dei trygge på at dei skal greie å få nok kundar.

– Vi er spente men ikkje nervøse. Vi har utdanna 150 personar hjå oss som no kan selje forsikringar. Vi trur dette kjem til å slå an som berre pokker og at vi vil selje like mykje som tidlegare i løpet av få år.

Men det vert ein hard konkurranse.

– Vi kjem til å vere oppsøkande og spørje om kundane vil bli med oss vidare. Og Gjensidige kjem til å vere aktive for å behalde dei.

Gjensidige klare for konkurransen

Og det har Gjensidige allereie stadfesta. Då det vart kjent i januar at Sparebanken Sogn og Fjordane og Gjensidige avslutta deira årelange samarbeid.

– Dette er våre kundar, der Sparebanken Sogn og Fjordane har bidrege til at vi har fått dei. Men det er Gjensidige sine kundar, og vi skal halde fram med å følgje dei opp på ein god måte framover, sa informasjonsdirektør i Gjensidige, Øystein Thoresen.

Han sa dei var trygge på å sikre kundane ei like god oppfølging framover.

– Det betyr sjølvsagt at vi får konkurranse frå ein bank som vi tidlegare har samarbeidd med, men vi kjenner oss ganske trygge på den konkurransen. Vi er klare på at vi skal greie den, sa Thoresen.