Hopp til innhold

Vi kjøper stadig meir økologisk mat, men talet på bønder går ned

AURLAND (NRK): Folk i Norge kjøper økologisk mat for fleire milliardar kroner årleg. Men talet på økologiske bønder går ned. Det vil Anders og Marita gjere noko med.

Anders Flatlandsmo og Marita Fletre

SNART EKSAMEN: Anders Flatlandsmo og Marita Fletre er snart uteksaminerte frå Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Økologisk landbruk noko dei ønskjer å leva av i framtida.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Folk vil ha økologisk mat om tilbodet er der, seier Anders Flatlandsmo.

Han og klassevenninne Marita Fletre ruslar mellom tomatplanter i drivhuset på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland for kanskje siste gong. I desse dagar blir han og dei andre tredjeklassingane eksaminerte ut frå jordbruksskulen i Sogn, som er landslinje for økologisk matproduksjon.

– Økologisk landbruk er i medvind. Folk høyrer om det, les om det og snakkar om det. Fleire blir bevisste på at me ikkje kan putta i oss alt mogleg, seier han.

I 2006 omsette daglegvarebutikkane økologiske varer for litt mindre enn 500 millionar kroner. I 2017 var omsetnaden auka til over 2,6 milliardar kroner.

Vil ha meir norsk mat

For to år sidan samla jordbruksnæringa seg bak prosjektet «Landbrukets Økoløft». For medan etterspurnaden etter økologisk mat har auka jamt og trutt, har ikkje produksjonen klart å henga med.

Talet på gardsbruk som produserer økologisk mat går nedover, og det same gjer arealet brukt til økologisk produksjon.

Markus Brun Hustad

JOBBAR FOR Å FÅ FLEIRE ØKOBØNDER: Markus Brun Hustad, prosjektleiar for «Landbrukets Økoløft».

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Meir og meir av det me kjøper i dag blir importert, og det ønskjer me å gjera noko med. Me har eit landbruk som er variert og mangfaldig, og me har moglegheita til å produsera det den norske forbrukaren ønskjer seg, på norsk jord, seier Markus Brun Hustad, prosjektleiar for «Landbrukets Økoløft» i Økologisk Norge.

Men sjølv om det blir færre gardar, peikar ikkje pilene så bratt nedover no som for nokre år sidan.

– Me ser også at nedgangen i areal brukt til økologisk produksjon har stoppa opp dei siste åra. Det er nok ikkje berre prosjektet som har gjort at det går i rett retning, men både marknadssituasjonen og at det er mange som ser ei framtid i økologisk landbruk.

– Det kjem til å vera eit større økologisk forbruk framover. Då må landbruket svara og produsera meir økologisk, seier Brun Hustad.

Gardsbruk i Aurland

NORSK LANDBRUK: ... slit med å fylla etterspurnaden etter økologisk mat og drikke.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ny strategi frå Regjeringa

Som oppfølging av ei stortingsmelding frå 2016, kjem det denne våren ein ny strategi for økologisk landbruk.

– Me håpar den meldinga skal setja klare mål for det økologiske landbruket framover, seier Bruun Hustad.

– Eg syns ein del av politikarane ventar litt for mykje på etterspurnad. Hadde det blitt lagt betre til rette for økologisk landbruk, slik at det var meir økologisk mat tilgjengeleg, så ville folk kjøpt meir også, seier Anders Flatlandsmo.

Landbruks- og matdepartementet skriv i ein e-post til NRK at «Strategien skal bidra til vidareutvikling av økologisk produksjon og forbruk» og men vil ikkje avsløra noko konkret om kva Regjeringa kjem til å satsa på framover.

Sogn Jord- og Hagebruksskule

LANDSLINJE FOR ØKOMAT: Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland er landslinje VG2 og VG3 for økologisk landbruk.

Foto: Sondre Dalaker / NRK