Kjøper bork mot luktproblem
Sunnfjord Miljøverk håpar bork frå Austlandet vil redusere luktproblema i Hesjedalen. Det skriv Firda. Naboar til anlegget har til tider vore plaga av ekkel lukt grunna kompostering av slam. Styreleiar Oddmund Klakegg seier bruk av bork er ein dyr metode, men håpar at dei no får bukt med luktproblema.