Hopp til innhold

Kjønn er avgjerande for kor mykje ein går ned i vekt etter slankeoperasjon

Slankeopererte kvinner og menn treng ulik oppfølging for å klare å gå vidare ned i vekt etter operasjonen. Det syner nye forskingsresultat frå Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Fedme

DELTE GRUPPA: Først då forskarane såg på menn og kvinner kvar for seg, fann dei oppsiktsvekkjande resultat.

Foto: Arne Stubhaug / Colourbox/NRK

I Førde sit eit av landets fremste miljø på fedmeoperasjonar og forsking på behandling for sjukleg overvektige.

John Roger Andersen er ein av forskarane som no kan legge fram resultat som vil få stor betyding for pasientane.

– Hjå kvinner fann vi ut at dei som ikkje er i arbeid, og dei som hadde angst og depresjon som diagnose, gjekk mindre ned i vekt. Men det såg vi ikkje hjå menn i det heile, seier John Roger Andersen.

Han er ein av forskarane som no kan leggje fram resultat som vil få stor betydning for pasientane.

Har prøvd å finne ut kven som går mykje ned

Medan nærare kvar femte nordmann lir av fedme, er to prosent av det norske så store at dei er sjukleg overvektige. Då har dei ein kroppsmasseindeks over 35, og kan få tilbod om slankeoperasjon.

Til no er operasjon det einaste behandlingstilbodet som har synt å hjelpe pasientane.

– Vi har forsøkt å finne ut kven det er som går mykje ned i vekt etter fedmekirurgi, og kven det er som går lite ned i vekt.

Viss vi kan få svar på det spørsmålet, vil vi vere betre i stand til å hjelpe pasientane og gi dei rett behandling, legg Andersen til.

Andersen og dei andre fedmeforskarane i Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane såg nærare på 160 pasientar.

Var uråd å spå kven som ville gå mykje ned

Før dei vart opererte prøvde dei å spå kven av dei som ville gå mest ned i vekt. Dei såg til dømes på faktorar som alder, vekt før operasjon, om ein hadde diabetes, psykiske lidingar eller andre sjukdomar.

Å føresjå kven som ville gå mest ned i vekt etter operasjon synte seg å vere særs vanskeleg. Heilt til dei delte pasientgruppa i kvinner og menn.

– Viss ein skal prøve å forstå kven som går mykje ned i vekt, så må ein sjå på kvinner og menn kvar for seg. Vi forsøkte å lage modellar der vi såg begge kjønna saman, men det fungerte veldig dårleg, fortel Andersen.

Då dei der derimot splitta gruppa i kjønn, fekk modellane innhald.

– Då kom alt fram i dagen, seier Andersen.

Sjølv den røynde forskaren vart overraska av nokre av resultata.

Mindre vektnedgang ved høgare alder

– Forskjellen var til dømes at hjå menn, så fann vi ut at å ha diabetes, det var forbunde med å gå mykje ned i vekt, samanlikna med dei som ikkje hadde diabetes, seier Andersen.

Forskarane fann også ut at alder spelte ei stor rolle.

– Dess eldre mennene var, dess mindre gjekk dei ned i vekt. Hjå kvinner såg vi derimot at det å angst og depresjon var forbunde med å ha mindre vektnedgang, seier Andersen.

Den samanhengen fann forskarane ikkje noko av hjå menn.

Med dei nye funna i handa kan ein betre tilpasse pasientane si oppfølging, meiner Andersen.

– Det betyr at dersom ein har kvinner som har diagnosen angst og depresjon, så må du kanskje følgje dei ekstra opp etter operasjonen for at dei skal få adekvat vektreduksjon, seier Andersen.

Meiner operasjon er ei trygg behandling

Forskingsarbeidet som blir gjort i Førde er verdsleiande. I 14 år har sjukleg overvektige pasientar blitt opererte ved Helse Førde.

Under operasjonen blir anten volumet på magesekken redusert, eller så koplar ein ut deler av tynntarmen.

Men behandlingsmåten har vore omstridd. Difor er forsking avgjerande for å bevise kva som best hjelper pasientane, seie Andersen.

– Det er ikkje så mange år sidan at folk meinte at fedmekirurgi var så farleg at det burde vere forbode. Men no har vi gjennom forskinga, som vi har drive med saman med kollegaer i utlandet, å vise at det er ei ganske trygg behandling som gir ganske gode resultat. Slik kan fleire få god behandling, seier Andersen.