NRK Meny
Normal

Kjølig natt prega av mykje fyll og vald

Politiet i Sogn og Fjordane legg bak seg ei hektisk natt. I alle fall ifølgje politiloggen.

Politiet på Twitter

MYKJE FYLL: Utan dei heilt store arrangementa, har politiet i Sogn og Fjordane hatt sitt fulle hyre i natt.

Foto: skjermdump, Twitter.com

Temperaturane var ikkje all verden i natt, utan at det la noko dempar på feststemninga i trivselsfylket.

– Nei, det har nok ikkje vore den store trivselen i fylket i natt, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt, og konstaterer at loggen etter nattas gjeremål er langt lengre enn den plar vere i Sogn og Fjordane.

Fekk kraftig juling på fest

For fyll og vald er det som pregar politiloggen. Som vanleg kan ein seie, men ikkje i slik grad som i natt. Spesielt med tanke på at det ikkje har vore større arrangement å snakke om.

Mest har nok politiet i Førde hatt å gjere. Like over midnatt fekk politiet melding om fleire personar som barka saman på ei adresse. Ein person fekk kraftig juling og vart sendt til legevaktar med skader i ansiktet.

Laster Twitter-innhold

– Her står namnet på ti personar, men kor aktive dei har vore er litt uvisst. Eg reknar med at det kjem ein melding her. Ifølgje den nye straffelova så er det ei hending der politiet kan opprette straffesak, seier Hatlenes.

Spraya med peparspray

To personar måtte også sove ut rusen på glattcella. Den eine spraya både seg sjølv og andre under ein privatfest. Den andre var i ferd med å bli køyrd heim då situasjonen forverra seg og turen gjekk via legevakt til arresten.

Laster Twitter-innhold

– For rusa til å bli overlaten til seg sjølv, skriv politiet på Twitter.

Ved ein utestad vart ein person vist vekk etter å ha vore involvert i eit slagsmål, medan ein annan overstadig rusa person vart køyrt heim til Gaular.

Ber om tips

I Florø køyrde politiet to godt rusa personar heim i løpet av natta. Dei rykte også ut til bensinstasjonen etter melding om mykje bråk. Denne situasjonen roa seg, men politiet opplyser at dei vil følgje opp saka.

I Måløy vart ein person køyrd vekk med ambulanse etter eit slagsmål der. Her ber politiet om tips frå publikum.

Laster Twitter-innhold

Bråk var det også i Øvre Årdal, men der vart situasjonen ordna på staden. Ein ung person vart også køyrt heim til foreldra etter å ha gjort skade på ein bil.

Ville ikkje ha hjelp

Også i Stryn måtte politiet gripe inn mot ein overstadig rusa person. Vedkommande var utagerande mot ambulansepersonell som prøvde å ta seg av han.

Mannen vart pågripen og framstilt for legevakta. Deretter gjekk turen til arresten for ei natt der.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser