Dei tre kyrkjene i Gulen har tidlegare ikkje hatt kjøling av båreromma sine. Difor har dei pårørande i kommunen måtta hente is på fiskeanlegg, for å kjøle ned bårene til dei døde.
Men i går avgjorde det kyrkjelege fellesrådet å bruke 50.000 kroner på kjøleanlegg.
- Vi var ikkje nøgde med den situasjonen som var, og måtte gjere noko, seier leiar i det kyrkjelege fellesrådet i Gulen, Bodil Bjørlo Takle.