Hopp til innhold

Kjippen: -Høg promille og låg moral

Litt dårleg vêr stoppa ikkje folk i Florø nyttårsaftan. Dei troppa opp for å vere med på årets store hending, nemleg Kjippen.

– Ein god Kjippen er prega av høg promille og låg moral, seier Halvor Halvorsen som kallar seg urinnvånar i Florø.

I 40 år har han fått med seg det tradisjonsrike opptoget der folk kler seg ut og har brukt dagevis på å lage kreative doningar. Kjippen er ein del av Florø-sjela. Folk kjem ut i gatene, ser på opptoget og ønskjer kvarandre eit godt nytt år.

Dei siste åra har han berre sett på, men før var han meir delaktig.

– Eg var med i min ungdom, det har vel alle vore. Eg har altså ei viss erfaring med dette, ler han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Litt dårleg vêr stoppa ikkje folk i Florø nyttårsaftan. Dei troppa opp for å vere med på årets store hending, nemleg Kjippen.

SJÅ VIDEO: Følg opptoget gjennom gatene i Florø sentrum.

– Halvgamle damer bremsa toget

Det var surt vêr med vind og regn nyttårsaftan i kystbyen, men ved midnatt blei det opplett. Som så mange gonger før. For stort sett held regnet seg unna akkurat medan Kjippen-opptoget går.

Fremst i toget gjekk nokre damer med trommer, for å setje folk i rette stemninga. Akkurat dette året var Halvorsen berre passa begeistra for dette, for farten på opptoget var visst lågare enn vanleg.

– Folk rundt meg sa berre Hæh! Det var nokre halvgamle damer som gjekk først og bremsa. Kjippen har alltid gått litt fort, men ikkje i år.

– Det er ikkje litt stygt å seie slikt då?

– Nei, såpass må dei tåle. Det er jo dette Kjippen handlar om, å vere litt stygge, å ha det kjekt på eigne og andre sin bekostning, ler han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjippen i Florø 2012

UTKLEDDE: Det var mange artige kostymer å sjå under opptoget i Florø.

Foto: Truls Kleiven

Ingen som bestemmer

Kjippen er anarkistisk, det vil seie at det ikkje finst noko arrangementskomite som står bak. Gjengar samlar seg for å lage doningar og så er det avgang ved midnatt nyttårsaftan.

– Mange politimeistrar har ønska å snakke med komiteen som står bak, men det finst ingen. Det er ingen som har styring med dette, og det er det som gjer at Kjippen overlever. Men difor varer også talet på innslag frå år til år, seier han.

Bru full av pålemakk

Kjippen er prega av saker som har vore i søkjelyset det siste året. Denne gongen var det mange som hadde ei meining om utvidinga av oljebasen. Også Kinn bryggeri fekk sin plass i toget. Det same gjorde brua over til Kystmuseet. «Pålemakk - Vi er blakk - Fylket sprakk» stod det på ein av plakatane.

Halvorsen er imponert over alt det flotte som var å sjå, både doningar og kostyme.

– Det var kanskje ikkje like mange som før, men i år var det mange som imponerte. Folk har lagt ned mykje tid i dette. Det var høg kvalitet, seier han.

Han vil særleg trekkje fram ein kopi av brua som går over Keilevågen til Kystmuseet. Den er altså full av pålemakk.

– Denne brua var flott og så detaljrik. Dette var kunstverk av beste kvalitet. Det var mange artige detaljar, som kommunevåpenet, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kjippen i Florø 2012

PÅLEMAKK: Denne gjengen lurer på om det kjem ny bru til Kystmuseet.

Foto: Truls Kleiven

Skal stikke litt

Enkeltpersonar får også gjennomgå i eit slikt opptog. Ordførar, politikarar og andre sentrale personar må finne seg i å bli nemnt. Men i år var det eit unntak.

– For første gong var ikkje rådmannen nemnt. Det var det nye med toget i år, ingen snakka stygt om rådmannen, ler Halvorsen.

Han seier at Kjippen ikkje skal vere snill, den skal stikke litt. Når opptoget er ferdig blir difor alt brent på ein stad dei kallar «Skiten».

– Alle får passet sitt påskrive og så blir alle plakatar og doningar brende. Då byrjar ein på nytt med blanke ark.

– Korleis var denne utgåva av Kjippen samanlikna med tidlegare år?

– Kjippen var alltid betre før, det er slik som blir sagt om det meste som er årleg. Alt var betre før, ler han.

Tidlegare på kvelden var det ungane som fekk kle seg ut og gå i tog. Då gjekk Barne-Kjippen av stabelen. Oppmøtet var veldig bra, sjølv om regnet plaska ned.

Kjippen i Florø 2012

BLIR BRENT: Når opptoget er over, blir alle doningar brende på bålet.

Foto: Truls Kleiven