Hopp til innhold

Kjetil kjøpte spøkelsesgard

Ånder og paranormal aktivitet er i vinden som aldri før. Også i Sogn og Fjordane meiner folk at det spøkjer.

Gjesme gard i Flåmsdalen
Foto: Svein Ulvund

SEI DI MEINING: Trur du på gjenferd?

Kjetil Moberg frå Bergen er sikker på at meir enn berre bygningane følgde med på kjøpet då han overtok eldgamle Gjesme gard i Flåmsdalen. Han er skråsikker på at ei lita jente og ein eldre kar går att på garden.

LES OGSÅ: - Mathilda heimsøker hotellet sitt

- Eg veit ikkje om det er det at dei ikkje likar at garden vert restaurert, eller om det er ting dei ikkje fekk utretta i livet. Eg er hundre prosent sikker på at det er noko der, seier bergensaren.

TV går berserk

- Det er ikkje ekkelt, men du blir kjempe uroleg. Kona mi har vore med meg opp, men likar seg ikkje på garden, seier Moberg som byrja å merke unormal aktivitet då han i sommar tok til på restaureringsarbeidet. Han tok då over garden som ligg om lag 40 minutts gange frå Flåmsdalen. Garden er truleg ein av dei første i Flåmsdalen og har ikkje vore bruk dei siste vel 20 åra.

- Du ser skuggar som passerer og når du er i stova, kjenner du at du ikkje er åleine. Ofte har det også hendt at fjernsynet slår seg av, skiftar kanal eller at volumet forsvinn, fortel han.

- Vil fortelje noko

- Røykvarslaren koplar seg inn medan eg er i løa og pakkar høy. Når eg spring dei ti metrane bort til bygningen og tek i inngangsdøra, stoggar det, seier Moberg. Han har rådført seg med personar innan brannetaten. Dei seier at det er umogleg for ein røykvarslar å slå seg av og på sjølv på denne måten. Fleire gonger har Moberg også vakna opp om natta.

- Eg høyrer ei ung jente som prøver å vekkje eller varsle meg om noko. Men eg har ikkje høyrt kva ho seier.

Er ikkje åleine

Bergensaren er difor overbevist om at ei lita jente og ein eldre mann går att på garden. Kva forhold dei har til garden, veit han ikkje.

- Eg sa til den førre eigaren at sjølv om eg var åleine på garden, så var eg ikkje åleine. Det skjer ting der. Han svara "ja, det er sikkert og visst", fortel Moberg. Hendingane gjer han ikkje redd, men vurderer likevel om å be klårsynte om hjelp til å få ro på garden.

Spøker det i fylket?

Ifølgje nettstaden paranormal.no er ikkje Gjesme gard den einaste staden det spøker i fylket. Mellom anna meiner ein av brukarane av nettsida at ei eldre kvinne går att i gamleskulen i Brandsøy i Flora kommuna. I Fredensborg i Fjaler skal barn og vaksne frå tidleg 1800-talet gå att. Spøkelse vert det også hevda å vere i Fredensborg i Fjaler, Jølster Hotell på Vasenden i Jølster og det nedlagde sjukehuset på Harastøl. Frå Årdalstangen kjem denne historia:

- I ei treroms leilegheit går det att ein gammal mann som er veldig innpåsliten. Han vil gjerne liggje i same seng og det er vanskeleg å få han vekk. Bilete som er festa med fire toms spikar ramlar ned frå veggen, skriv innsendaren.