Hopp til innhold

Kjetil (33) jubla for seks mål, men laget tapte tosifra i målorgie

Seks mål av ein og same spelar indikerer stort sett storsiger for laget. Slik var det ikkje i sesongavslutninga i 6. divisjon i Sogn og Fjordane.

Kjetil Løkke Vie scora seks mål, men tapte 17-7

SEKS MÅL: Kjetil Løkke Vie (i midten) sikra toppscorartittelen i 6. divisjonsavdelinga med seks mål mot Eid 2. Utruleg nok vart det likevel null poeng i sesongavslutninga.

Foto: Stig Høynes / haugenfotball.no

For ingen av spelarane fekk fleire nettkjenningar enn Kjetil Løkke Vie (33) sine seks, då 6. divisjonslaget Breimsbygda/Jølster 2 avslutta sesongen borte mot tabelltopp Eid 2.

Likevel gjekk samarbeidslaget på braktap 7-17, skriv Firda Tidend.

– Kampplanen var å mure att så lenge som mogleg, så vi gjekk ut med ein 5-4-1-formasjon. Den planen heldt ikkje lenge og vart fort skrota til fordel for 4-4-2, utan at det hjelpte så veldig, ler Vie.

«Heilt vilt»

Breimsbygda/Jølster 2 tapte 17-7 for Eid 2

TUNGT: Breimsbygda var budde på ei tøff sesongavslutning mot Eid 2, men satsa meir og meir offensivt etterkvart som måla rann inn bak eigen keeper. – Det er kjekkare å tape 17-7, enn 10-0, seier Kjetil Løkke Vie.

Foto: Stig Høynes / haugenfotball.no

Både spelarar og dommar Asle Magnar Nesdal skildra kampen som «heilt vill». Med god grunn. Og då med tanke på dei hyppige måla. I snitt gjekk det tre minutt og 45 sekund mellom kvart av dei 24 måla.

Men bak resultatet skjuler det seg noko unikt; Vie sine seks mål for taparlaget.

– Fleire har scora veldig mange mål i enkeltkampar, men då har laget deira også vunne med skikkeleg margin. Å score seks av sju mål, når ein taper 7-17, har eg aldri høyrt om, seier pensjonert NRK-journalist, Arne Scheie.

Fokuserte på mål

Scheie er lidenskapeleg oppteken av fotball og blir av mange skildra som eit vandrande fotballeksikon.

Streng Arne

UNIKT: – Når det blir så mange mål, så er det veldig sjeldan at taparlaget klarer å score sju mål – og i alle fall at ein spelar på taparlaget score seks mål, seier Arne Scheie.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Han let seg imponere av den elleville sesongavslutninga på Eid Idrettspark.

Sjølv har Vie ei enkel forklaring. Med fire baklengsmål før det var gått ti minuttar, flytta både han og laget fokuset framover.

– Eg måtte ha eit par mål for å klatre forbi Lars Guddal (Oppstryn) og Anders Midthjell (Svelgen) på toppscorarlista, så det var berre å prøve å putte så mange som mogleg, seier 33-åringen.

– Veldig spesielt

– Det blir litt kjedelegare når konkurranseelementet forsvinn i høve til ein jamspelt kamp. Samstundes verka det som om Eid var lysten på å score fleire mål, og vi prøvde å få så mange mål som mogleg. Då bølgjer det fram og tilbake, med sjansar heile tida, held Vie fram.

Ifølgje Haugen Fotball er det fjerde året på rad at Vie blir toppscorar i 6. divisjonsavdelinga til Breimsbygda/Jølster 2.

– Det fortel ganske mykje om spelaren. Då er det kanskje heller ikkje så rart at han scorar seks av sju mål for taparlaget, seier Scheie.

Kjetil Løkke Vie scora seks av sju mål då Breimsbygda tapte med ti mål

NY REKORD: Kjetil Løkke Vie sin gamle målrekord som seniorspelar var fem mål i ein og same kamp. – Eg hugsar vi tapte 12–1 borte for Stryn då eg spelte i 3. divisjon med Sandane. Eit såleis verre tap, seier Vie.

Foto: Stig Høynes / haugenfotball.no

Også resultatet meiner Scheie, utan å ha full oversikt over alle resultat i seniorfotballen, er oppsiktsvekkjande.

– Eg vågar ikkje å påstå at det ikkje har skjedd før, men 17 pluss sju mål, altså 24 mål i ein fotballkamp, er i seg sjølv ganske utruleg, seier han.

Vann oppgjeret i vår

– Ja, det vart mykje arbeid på spissen som tok alle avsparka, og på dommaren som noterte alle målscorarane, humrar Vie.

Dommar Nesdal vedgår at han sjeldan vil gløyme sesongavslutninga i Eid.

– Det var heilt vilt. Eg gjekk nesten tom for plass å notere målscorarar, seier han.

For ordens skuld, Breimsbygda/Jølster 2 vann 6–5 i tilsvarande oppgjer i vår. Til sesongavslutninga reiste samarbeidslaget over fjorden med sterkt redusert lag.

– Vi var budde på ein del baklengs, då Eid 2 ville vinne serien med siger og vi stilte med svekka lag og få innbytarar. Det blir ofte slik i breiddefotball at ein stiller svekka på bortebane, seier Vie.

– Men det skal seiast at Eid fort kunne scora endå fleire mål, med litt meir presise avslutningar, avsluttar han.