NRK Meny
Normal

Kjerrevegen er historie

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete opna i føremiddag den nye vegen frå Skei til Kjøsnesfjorden.

Vegopning på Skei.
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Vegopning på Skei.
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Dermed er ein av dei verste flaskehalsane på riksveg 5 gjennom Sogn og Fjordane historie.

Vegen erstattar den gamle kjerrevegen som til no har fungert som stamveg på det travle hovudsambandet mellom Sogn og Sunnfjord.

Hest og kjerre

For å markere at kjerrevegen er historie, kom statsråden og følgjet hennar køyrande til Skei med hest og kjerre.

Utbetringa av strekninga mellom Skei og Kjøsnes er siste etappe i utbygginga av riksveg 5 mellom Sogndal og Skei. Anlegget har kosta 66 millionar kroner.

Stein frå heile fylket

For å markere at dei to viktigaste vegane i fylket møtest i den nye rundkøyringa, har vegvesenet brukt ein kunstnar til utforminga. Rundkøyringa er bygt av grøn olivenstein frå Nordfjord, svart eklogitt frå Sunnfjord og kvit anortositt frå Sogn. Det er også bygt ein strandpromenade langs vegen gjennom Skei sentrum. 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.