Hopp til innhold

Kjerpeset tok gull på favorittøving

Kristi Strømmen Kjerpeset frå Florø T&IF tok gull under helgas Ungdomsmeisterskap i friidrett som vart avvikla i Steinkjer.

Kristi Strømmen Kjerpeset

GULL: Kristi Strømmen Kjerpeset tok gull i favorittøvinga som er 60 meter hekk.

Foto: Rune Helle, Vestpress

Gullet tok ho på favorittøvinga 60m hekk med den sterke tida 8,81. Det var fattige fem hundredelar bak gjeldande meisterskapsrekord for klassa.

I tillegg sikra ho sølvet i lengdekonkurransen med eit lengstehopp på 5,28.

Storebror Øyvind Strømmen Kjerpeset sikra fylket si tredje medalje i meisterskapen med sølv på 200m med den sterke tida 21,85. Det var seks hundredelar bak vinnaren Carl Emil Kåshagen frå Moelv.