NRK Meny
Normal

Kjerpeset sprang inn til gull nummer to

Thomas Mardal frå Sandane og Kristi Strømmen Kjerpeset frå Florø tok begge gull under UM i friidrett på Lillestrøm i dag.

Kristi Strømmen Kjerpeset spring i mål

GOD DAG: Kristi Strømmen Kjerpeset var best på 300 meter hekk og tok sitt andre gull i meisterskapen.

Foto: Rune Fossum / NRK

UM i friidrett går over tre dagar og er for utøvarar mellom 15 og 19 år. Fleire av dei beste i landet er samla. To av dei kjem frå Sogn og Fjordane.

Kristi Strømmen Kjerpeset tok i dag sitt andre gull i meisterskapen då ho vann 300 meter hekk på tida 44,39 sekund. Thomas Mardal sikra sitt første gull med eit kast på 16,12 meter i kule.

Til saman tok utøvarar frå Sogn og Fjordane sju medaljar på andre dag av friidretts-UM. I tillegg til dei to gulla tok Magnus Rygg Storsletten frå Hyen IL, Steffen Fjellestad og Lisa Selsvik frå Sandane T&IL kvart sitt sølv i slegge, medan Matias Melheim frå Olden IL tok sølv i kule og Håkon Hjelle Roset tok bronse i slegge.

I morgon er det siste dag av meisterskapen. Både Lasse Solheim Angelshaug og Idun Hatlemark frå Florø T&IF har kvalifisert seg til finalen i 200 meter.