NRK Meny
Normal

Neste år skal han ned på 48-talet – i kveld tok han 3. plass i Diamond League

Øyvind Strømmen Kjerpeset (21) fekk ikkje ut potensialet under kveldens 400 meter hekk under Diamond League-stemnet i Zürich. Men han deppar ikkje over 3.-plassen.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

I STORFORM: Øyvind Strømmen Kjerpeset har lagt bak seg ein fantastisk sesong. Her fotografert under NM i Tønsberg der han mellom anna vann 200 meter sprint.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Artikkelen er flere år gammel.

– Det er eit greitt løp, men eg føler ikkje at eg fekk ut potensialet mitt, slik

som eg gjorde på forsesongen, seier Kjerpeset frå Florø.

Han vart klokka inn på tida 50,28, men skulle gjerne sett at han var nærare sin eigen pers på 49,95.

– Eg følte eg hadde meir inne. 400 meter hekk er eit veldig rytmisk løp. Når eg plutseleg har teke eit stort steg på hurtigheit, så blir eg sett i ein ny rytme som eg ikkje beherskar skikkeleg, og då blir eg innestengd mellom hekkane, i staden for å springe veldig godt mellom hekkane. Det er det som normalt sett er min styrke, seier Kjerpeset.

Er åttande gong han spring under norgesrekorden

Han følte at han ikkje fekk ut potensialet sitt slik han hadde håpa.

– Eg kan ikkje vere skuffa. Det er åttande gongen eg spring under norgesrekorden i år, og det er nok ei god tid. Men eg føler at eg har mykje meir inne, og eg skulle veldig gjerne fått det ut, seier Kjerpeset.

Sprint-kjempa frå Florø har hatt ein eventyrleg sesong. For fire dagar sidan fekk han Kongepokalen, ei bragd ingen menn frå Sogn og har klart dei siste 46 åra. Under NM-helga sette han ny meisterskapsrekord på 400 meter, og tok gull på 200 meter.

Men han er allereie i gang med å sjå mot neste år.

– Eg skal under 49 blank, ned på 48-talet. Klarar eg det, er det realistisk å komme til EM-finalen, og til og med kanskje ta medalje. Det ville vore draumen, seier Kjerpeset.

(Artikkelen held fram under videoen)

22 år gamle Øyvind Strømmen Kjerpeset fikk sin første kongepokal etter å ha satt mesterskapsrekord på 400 meter hekk. I tillegg tok Kjerpeset også gullet på 200meter.

Kjerpeset vant kongepokalen

Kan ha vore siste 400 meter hekk i år

Om løpet i Zürich var årets siste 400 meter hekk, har han ikkje heilt bestemt seg for.

– Eg må snakke med trenaren min. Eg sit med kjensla av at eg kan så mykje betre. Spørsmålet er om ein skal gi det ein sjanse til, eller om eg skal slutte no. Det får vi sjå. Gjer eg eit nytt forsøk, vert det i løpet av neste veke, seier Kjerpeset.

Han tek det ikkje så tungt om det ikkje blir endå eit forsøk.

– Får eg det ikkje ut i år, så er det større potensial til neste år. Det inspirerer meg til å jobbe vidare, seier Kjerpeset.

Merkar trøkket på kroppen

Han har sett rekord på rekord i år, også i sprintdistansar utan hekk. Løpsprogrammet har tidvis vore tett, og slikt merkast på kroppen når sesongen er på hell.

– Eg byrjar å merke det både fysisk og psykisk. No har eg byrja på skulen att, og eg må møte tidleg, og må sitje utover dagane på lesesalen. Eg merkar at det kanskje er litt godt at treningssesongen tek til att, og at ting roar seg, seier medisinstudenten.

Håpar på sponsorar

Han studerer i Oslo, og trenar på Bislett og på Olympiatoppen. Men medisinstudiet er tøft å kombinere med idrett på internasjonalt nivå.

– Eg håpar å få på plass sponsorar slik at eg kan gå ned i halvt studieprogram. Då har eg sjansen til å verkeleg satse. Eg veit ikkje om nokon andre som satsar på eit slikt nivå, som studerer for fullt, seier Kjerpeset.

Årets sesong har bidrege til å gi endå meir motivasjon til å satse vidare.

– Eg er kjempemotivert. Det har gått så kjempebra at eg gler meg veldig til å byggje vidare. Dørene er opne for meg til å gjere tider eg berre drøymde om som liten gut. No skal eg berre gripe sjansen, seier Kjerpeset.

Terje Søviknes vitja Utvik
Vilde og Anna framfører Vestlandet på Malakoff festivalen.
bilder av jordbæråker i utvik som er rasert av flommen. Bilder av elveleier frå dagen derpå og flomdagen. intervju gardbrukar viser oss rundt på garden. mobilvideo av drivhus som blir skylt på fjorden.