NRK Meny
Normal

Kjeppar i hjula for Volda-samanslåing?

Fleirtalet i Hornindal formannskap vil ha samanslåing med Volda, men eit nytt innbyggar-initiativ vil ha folkerøysting. Berre 24 underskrifter trengst for å tvinge kommunestyret til ny vurdering.

Stig Olav Lødemel

FOR SEINT: Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel meiner det er for seint å foreslå folkerøysting no.

Foto: Trond Vestre / NRK

Formannskapet i Hornindal gjekk onsdag inn for å slå seg saman med Volda. Det skal endeleg vedtakast i komunestyret torsdag. Men eit innbyggar-initiativ for folkerøysting kan stikke kjeppar i hjula for samanslåinga.

For Anne Lise Hatledal Svor er ikkje nøgd med at prosessen i Hornindal har kome så langt utan ei folkerøysting.

Meiner folket må bli høyrt

– Folket bør få seie meininga si om framtida til Hornindal. Det er mange som har meiningar om dette, men som kanskje ikkje har fått sagt det. Då meiner eg at ei folkerøysting er rette plassen å seie det, seier Hatledal Svor.

Medan nabokommunene har hatt folkerøystingar, har Hornindal berre hatt ei måling av eit representativt utval av innbyggarane.

Storkommunekart, Ørsta, Volda, Hornindal og Stryn

INNEKLEMT: Torsdag skal Hornindal bestemme seg for om dei skal slå seg saman med Stryn i sør, eller Volda i nord.

Foto: NRK

Hatledal Svor har ytra sin irritasjon på Facebook, og etter mykje respons vart ho oppfordra til å lage ei Facebook-gruppe for saka. No håper ho at eit innbyggar-initiativ for folkerøysting kan sette prosessen på vent.

– Eg håper dei kan ta eit steg tilbake og tenke seg om ein gang til, seier ho.

Treng 24 underskrifter

Dersom to prosent av innbyggarane i ein kommune stiller seg bak eit forslag, er kommunestyret pliktig å ta stilling til forslaget. I Hornindal vil det seie om lag 24 innbyggarar.

Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, og kommunestyret kan derfor bli nøydde til å ta stilling til dette.

– Då må vi sjølvsagt vurdere fagleg om dette er rettmessig å ta opp. Den vurderinga får vi eventuelt ta i morgon, seier han.

Han meiner målinga som vart gjort har gitt kommunestyret godt nok grunnlag til å til å fatte eit vedtak som innbyggarane i kommunen kan stå for.

– For seint ute

Ordførar Lødemel synest det er i seinaste laget å føreslå ei folkerøysting dagen før kommunestyret skal vedta samanslåing.

– Det har vore kjent lenge i media og i kommunestyrevedtak at folkerøysting ikkje har vore tanken. Eg hadde applaudert det viss det hadde vore tidlegare ute, men no synest eg det blir nesten på kanten, seier han.

Og framfor det store vedtaket torsdag, trur han at kommunestyret vil følge formannskapet.

– Eg har sagt før at det kjem til å bli «close race», og det står eg inne for enno. Vi har fått gode tilbod frå begge sider, men det har vore overvekt av dei som ser at vi kjem betre ut av det, nordover, seier ordføraren og siktar til Volda kommune.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.