Hopp til innhold

– Eg heldt på å svima av då eg såg kontoutskrifta

SOGNDAL (NRK): Det vart kjensleladd i rettssalen då to av søskena til den tiltalte kvinna vitna i saka. I går sa kvinna i 60-åra seg skuldig i grovt underslag mot den psykisk utviklingshemma yngstebroren ho var verje for.

Søsken i retten

SØSKENA I MIDTEN: Det er ein søskenflokk på fire. Yngstebroren er den fornærma, og den eldste søstera er tiltalt. Dei to andre søskena vitna i retten torsdag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg fekk heilt sjokk. Eg heldt på å svima av der eg stod i banken, sa den eine broren til den tiltalte kvinna og den fornærma mannen, og klarte ikkje halda tårene vekke.

Ei kvinne i 60-åra frå Sogn står tiltalt for å ha underslått pengar frå den psykisk utviklingshemma broren sin, som ho var verje for. Då rettssaka starta onsdag svarte ho ja på skuldspørsmålet.

Politiet meiner kvinna har underslått 598.000 kroner frå broren mellom 2010 og 2016.

Såg ikkje på den tiltalte søstera

Rettssaka starta onsdag. Torsdag var det broren og søstera i søskenflokken på fire som skulle vitna.

Først ut i vitneboksen var broren. På det over to timar lange vitnemålet såg han ikkje bort på si tiltalte søster ein einaste gong.

Han fortalde om eit godt forhold til tiltalte i åra fram til underslaget vart avdekka, der han hjelpte ho ein god del med daglege gjeremål. Men då han skulle forklara seg om novemberdagen i 2016, då han fekk greie på at kontoen til yngstebroren mangla hundretusenvis av kroner, kom tårene. Han og den andre søstera reiste ned til tiltalte for å spørja ho om det dei fann i bankutskrifta til yngstebroren.

– Me reiste ned for å konfrontera henne med kvifor det mangla så mykje pengar på kontoane. Først nekta ho for at ho har hatt tilgang til to kontoar. Så sa ho at ho hadde fortalt oss at ho hadde lånt pengar av yngstebroren.

– Til slutt kalla ho oss for konspiratørar, og sa at me berre måtte ryka og reisa. Etter det har eg ikkje snakka med ho, sa broren kjensleladd frå vitneboksen.

Ho var noko det kjæraste eg hadde. Me hadde eit veldig godt forhold, og eg saknar tida med ho, sa den andre søstera frå vitneboksen seinare.

– Kjenner du tiltalte godt? spurde aktor.

– Eg kjende ho godt. Dette er heilt uforståeleg. Det var det siste eg hadde trudd.

Søskena vitna i tingretten

– FORFERDELEG TID: Dei to søskena fortel at det har vore ei forferdeleg tid, og at dei har kutta kontakten med den eldste søstera.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I ein fersk rapport får Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sterk kritikk for at dei ikkje greip inn tidlegare. Dei fekk fleire uromeldingar om pengebruken for fleire år sidan.

Vil betala tilbake

Tiltalte sa frå vitneboksen at ho rekna summen ho har underslått til å vera rundt 450.000 kroner.

Ho sa også at ho var villig til å betala det erstatningskravet på 551.000 kroner.

– Eg kan setja leilegheita mi i pant. Pengane skal han få.

Set bustadkjøp i fare

Søskena forklarte at dei heile tida har ønskja at yngstebroren skulle vera sparsam med pengane. Dei ville han skulle vera i stand til å kjøpa ei eiga leilegheit, noko han, ifølgje dei, har syns forståing for.

No har han fått tildelt leilegheit av kommunen han kan kjøpa, men etter underslaget er det ikkje sikkert han har råd til den likevel.

– Leilegheita kostar 1,3 millionar kroner. Innskotet er 600.000 kroner. Den summen hadde han klart heilt fint utan å låna pengar. Men no må han ha lån. Me får sjå om han har råd til det no, sa broren.

Vil ha ei orsaking

Broren fortalde at han var i kontakt med yngstemann fleire gonger i veka, og at den tiltalte storesøstera var lite med han. Det står i kontrast til det tiltalte fortalde i si forklaring onsdag.

Anette Stegegjerdet Norberg

NY VERJE: Anette Stegegjerdet Norberg er den nye advokatverja til den fornærma mannen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sist i vitneboksen var Anette Stegegjerdet Norberg, som er den nye advokatverja til fornærma. Ho fortalde at ho hadde snakka med klienten sin dagen før rettssaka starta.

– Han fortalde meg at han har det dårleg inni seg. Og han vil at tiltalte skal gi ei orsaking til seg og dei to andre søskena.

– Vidare spurde eg om han ville ha att pengane. «Ja, alle pengane skal koma til oss att», sa han, og peikar ned mot der den nye leilegheita hans skal vera.

– Avslutningsvis spurde han meg om tiltalte kom til å koma i fengsel. Så sa han vidare «for det har ho ærleg talt fortent».

Dei avsluttande prosedyrane bestemde retten at skal utsettast til eit seinare tidspunkt.