NRK Meny
Normal

– Politireforma startar i heilt feil ende

Politijuristane fryktar eit b-politi, medan Politiets Fellesforbund meiner politireforma har starta i feil ende. Leiar i justiskomiteen, Hadia Tajik (Ap) er nøgd med reforma.

Sogn og Fjordane politidistrikt blir historie

SJÅ TV-SAK: Dei lærde stridast om reforma som fører Sogn og Fjordane politidistrikt over i historiebøkene. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL)

Dei lærde stridast om reforma som regjeringa, samarbeidspartia og Arbeidarpartiet presenterte søndag:

Sogn og Fjordane politidistrikt skal leggjast under Hordaland. 110-sentralen følgjer med på lasset.

Kjetil Drange

POSITIVT: Drange meiner det i kvalitetsreformen er mange positive element, men fryktar følgjene av strukturreforma. Eg trur nok at politikarane ynskjer at dette gå bra. Dei flaggar med at dette er nærpolitireform og det er fokus på det. Difor ventar at politikarane løyver midlar som gjer politiet i stand til å utføre jobben som politikarane no flaggar er bestemt skal gjerast, seier han.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Eg tykkjer det er merkeleg å byrje å sjå på tal politidistrikt. I staden for å sjå kva tenester publikum skal ha, kva politiet skal levere, så har begynt i feil ende, seier leiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange.

Ser utfordringar, men ...

For medan strukturen no er avgjord, så er det framleis mange usikre moment. Både for tilsette i politiet og ikkje minst for innbyggjarane dei skal tene. I Sogn og Fjordane er mange Ap-politikarar frustrerte over partiet sentralt.

Leiar i justiskomiteen, Hadia Tajik (Ap), har stor respekt for reaksjonane i fjordfylket, men meiner innbyggjarane får eit betre politi. Spesielt på grunn av fokuset på nærpoliti.

Hadia Tajik

NØGD: Hadia Tajik i Ap er nøgd med reforma slik den vart presentert.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Så fekk også Arbeidarpartiet gjennomslag for at det skal leggast fram eit skriftleg dokument som tydeleg fortel kva sluttresultatet blir for den enkelte kommune, før det blir gjort noko som helst endring, seier ho.

– Men eitt politidistrikt med 620 000 innbyggjarar, der 300 000 bur i Bergen. Ser du utfordringa?

– Det gjer eg, og Sogn og Fjordane har ein utfordrande geografi og topografi som føreset at den nye politimeisteren har eit godt auge og forståing for at det skal vere politi der folk er.

Fjernar

Reforma skal endeleg vedtakast i Stortinget 10. juni, og Tajik vil ikkje no ta stilling til kor mange lensmannskontor som bør vere.

Men Drange fryktar nye krav til responstid legitimerer nedlegging av fleire små lensmannskontor.

– Vi har fleire små lensmannskontor, og nokre kan ein sjå på som naturleg blir fjerna ut frå endra infrastruktur. Men spørsmålet er korleis ein organiserer då. Eg håpar på fleire like einingar, framfor nokre mindre kontor ute, seier Drange.

– Eit svik

Jørn Lasse Refsnes

FRYKTAR: Jørn-Lasse Førde Refsnes meiner det på sikt er reell fare for at det blir utvikla eit «b-lag» for politiet her i fylket.

Tillitsvald for politijuristane i Sogn og Fjordane, Jørn-Lasse Førde Refsnes, meiner reforma er eit svik mot både politiet og innbyggjarane i fylket.

Han at lokalkunnskap som er viktig for å handtere kriser og naudsituasjonar forsvinn med operasjonssentralen.

– Det blir ein operasjonssentral med svært stort geografisk nedslagsfelt, der det vil vere vanskeleg for dei som skal betene den å orientere seg fullt ut om distriktet ein skal operere i, seier han og fryktar at samarbeidet mellom naudetatane også blir svekka.

Førebels er han usikker på kva framtid som ventar juristane, men han fryktar at ressursar kan bli flytta frå distriktet til Bergen.

– Dersom ein i framtida etablerer endå større fagmiljø og sentraliserer desse til Bergen, så fryktar vi ei utarming av den gode kompetansen vi har her, som er frykteleg viktig i kriminalitetsbekjempelse, blir mindre tilgjengeleg for innbyggjarane i Sogn og Fjordane fordi avstandane er for store og sakene for mange i Hordaland, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.