Hopp til innhold

Kjenner seg svikta av NVE

Ei steinblokk på tre kubikk hamna før helga berre meter frå husveggen ved eit bustadhus i Vadheim. No kjenner bebuarane på Sanden seg skuffa over oppfølginga dei har fått frå NVE, skriv Firda. Regionsjef i NVE, Brigt Samdal, seier rasfaren på Sanden ikkje har blitt større no enn før raset, men at ein aldri kan garantere at det er trygt å bu på ein plass.