Hopp til innhold

Kjenner seg svikta av kommunen

Eit tilsyn i kommunane Fjaler og Flora, avdekte at tenestene for utviklingshemma, ikkje er gode nok. Pårørande meiner kommunen har svikta.

Oddleiv Yndestad

MÅ GJERE NOKO: Oddleiv Yndestad meiner Fjaler kommune no må gjere noko med helsetenestene til dottera hans.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Mangelfull styring, rutinar og ettersjekking av at tenestene blir gjort på rett måte, går ut over brukarane, seier fylkeslege, Per Stensland.

I mai hadde Fylkesmannen tilsyn med Flora og Fjaler kommune for å sjå på helsetenestene dei leverer til utviklingshemma over 18 år som bur i eigen bustad. Der fann dei fleire manglar i begge kommunane.

26 assistentar på ein månad

Dottera til Oddleiv Yndestad, er multihandikappa og bur i eigen bustad i Fjaler. Yndestad fortel at det er viktig at for henne å ha god kjemi med assistentane som er hos henne.

– Det er ikkje alle som forstår henne. Og då blir ho frustrert og lei seg. Desto færre ho må ha med å gjere, dess betre får ho det, seier Yndestad.

Men på ein månad har det vore så mange som 26 ulike personar innom heimen til dottera, ifølge Yndestad. Han meiner det har følgt til svikt i hennar tilfelle.

– Dette er ein tragedie frå A til Å. No må politikarane sette seg ned og få orden på dette straks, seier han.

Mange ufaglærte

Begge kommunane fekk avvik for at dei ikkje evaluerte eigne tenester godt nok. I tillegg får dei fleire merknader. Mellom anna seier rapportane at det er stor risiko for svikt fordi tenesta ikkje blir styrt godt nok. Begge stader brukar dei mange ufaglærte vikarar i ansvarsvakter, som også deler ut medisinar.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

DÅRLEG LEIING: Dårleg leiing, rutinar og evaluering kan gjere til at det skjer feil i helsetilbodet, meiner fylkeslegen.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

Ifølge fylkeslegen er det vanskeleg å tilsette faglærte folk i desse stillingane, fordi det er fleire jobbar enn det er folk med utdanning. Han seier det er lite vernepleiarar i Sogn og Fjordane.

– Ein vil ikkje kunne rekruttere faglærte i alle desse jobbane. Men det er derfor desto viktigare at leiarane har utdanninga, og kan legge til rette for assistentane, slik at ein unngår svikt, seier Stensland.

Det meiner Fylkesmannen at Fjaler og Flora er for dårlege på.

– Det har vore for mange assistentar, og det er det framleis, seier pleie- og omsorgssjef, Ragnhild Holm i Flora kommune.

Ifølge Holm jobbar dei kontinuerleg med å hanke inn folk som mellom anna er under utdanning, til å fylle desse stillingane.

Ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang seier dei anerkjenner problemet og tek rapporten på alvor. Ho seier det ifølge Nav manglar 8000 fagutdanna helsepersonell i Noreg, men at Fjaler er langt frå dei verste dette.

Gunhild Berge Stang

IKKJE VERST: Ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang, meiner Fjaler ikkje er dei verste i fylket.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit/NRK

– Det er ingen mål å verken over- eller underdramatisere dette. Men samanlikna med andre kommunar ligg vi over snittet når det gjeld talet på utdanna helsepersonell, seier Berge Stang.

Kommunane har frist til 1. september med å levere inn ein framdriftsplan om korleis dei skal rette opp i tinga som er peika på i rapportane.