Hopp til innhold

Kjenner seg som verdsmeister i lufta

SOGNDAL (NRK): – Du blir litt verdsmeister oppe i lufta, men så får du brått eit slag i trynet, seier Morten Knapstad.

Torsdag 22. februar reiste 30 personar til Sogn Skisenter for å utøve aktiviteten fyking. Deltakarane meinte det var ein draumedag.

SJÅ VIDEO: Bli med opp i lufta på Fjellsportfestivalen i Sogndal.

Knapstad og over 30 andre vågale kvinner og menn skal snart fyke ved Moldovberget i Sogn Skisenter. Dei driv med speedgliding. Med ski på beina og ein paragliderskjerm bak seg skal dei sette utfor dei brattaste henga ned fjellsida.

– Det er veldig fin snø på toppen. Vi køyrer ski første delen og så er det utfor eit stup og fyking resten, seier Knapstad.

Morten Knapstad står framfor skibakken i Sogn Skisenter

LÆRAR: Til dagleg er Knapstad lærar på folkehøgskule – i luftsport!

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Speedglidinga er ein del av fjellsportfestivalen i Sogndal som samlar friluftsglade menneske frå alle kantar.

Tusenvis av turar

Det er Fjellsportfestivalen i Sogndal som har lokka så mange til skitrekket denne torsdagen. Utover entusiasme for fjell og frisk luft, er gruppa variert. Det er dei som er ganske ferske i idretten og nokre som er erfarne med fleire tusen turar bak seg.

Utøvarane som driv med fyking står og ventar på å renne

SKODDEHAV: På toppen var det klårt, og tåka låg heldigvis ikkje lenge.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Morten Knapstad er ein av veteranane. Han kjem frå ekstremsportsentralen Voss, og har drive med dette i 12 år. Han har reist verda rundt for å fyke, og har kring 5000 turar. Det er derimot nokre utfordringar med å ha vorte så driven i sporten.

– Du blir litt verdsmeister etter kvart, men så får du brått eit slag i trynet og vert sett litt tilbake. Du får ein vekkar og må tenke deg litt om, seier den erfarne speedglidaren.

Risikosport

Det er tredje året speedgliding står på programmet, og Eilif Rosnæs, greinansvarleg for fartsfyking, understrekar at dei tek tryggleiken på alvor. Han har starta ein Speedrider-klubb i Sogndal, slik at alle fykarane i regionen kan samlast, utveksle erfaringar og dyrke fram gode og trygge haldningar.

– Vi må ikkje gløyme at det er farleg, sjølv om ein føler seg trygg, seier han.

Det er også krav om lisens for å fyke og fagsjefen i Norges Luftsportforbund, Trond Nilsen, heldt føredrag om tryggleik og rutinar.

– Det er heilt essensielt å tenke på tryggleik for at ting skal gå bra. Du må ta omsyn til ferdigheiter og nivå, vêr og vind, seier vossingen Knapstad.

speedgliding-utøvarar gjer klar paraglideren for å renne

SISTE FØREBUING: Paragliderskjermen må ligge rett før fykinga.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Draumedag

Skodda som låg tung i morgontimane letta, og det er blå himmel og knallvêr i Sogn Skisenter.

– Eg kan ikkje drøyme om betre forhold, seier Rosnæs. Ein sluttar ikkje å smile med det første, med ein dag som i dag!

Utøvarar som driv med speedgliding gjer seg klare

VENTAR PÅ TUR: Utøvarane gjer seg klare medan dei ventar på å fyke.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK