Hopp til innhold

– Kjenner meg som komiske Ali

SOGNDAL (NRK): Sveinung Rotevatn synest stundom det er vanskeleg å bli trudd, når han seier det går bra i Sogn og Fjordane.

Sveinung Rotevatn

LIKSKAP: Sveinung Rotevatn synte fram eit bilete av komiske Ali til fylkesårsmøtet i Venstre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg kjenner meg litt som komiske Ali når eg fortel korleis det står til i Sogn og Fjordane.

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn talte til ein sal med nærmare 50 frammøtte på årsmøte i Sogn og Fjordane Venstre i Sogndal.

Mohammed Saeed al-Sahhaf

KOMISK: Han heitte eigentleg Mohammed Saeed al-Sahhaf, men vart kalla komiske Ali. Han var talsmann for Saddam Hussein under Irak-invasjonen.

Foto: TEL / AP

– For det går ganske bra med fylket vårt, utan at det kan verke slik når ein høyrer på ein del andre politikarar her, sa Rotevatn til humring frå sine partivener i salen.

Rotevatn siktar til talsmannen for Saddam Hussein og hans regime under Irak-invasjonen i 2003.

Han vart berykta og latterleggjort verda rundt for korleis han nekta for at dei vart invadert.

Byggje og bu

Sveinung Rotevatn på talarstol

SKRYT: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn meiner Venstre har fått mykje gjennomslag som støtteparti for regjeringa.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I ein fullgod halvtime tok Rotevatn salen gjennom lysark etter lysark med ei omfattande skryteliste av alt det han meinte Venstre hadde bidrege med i løpet av snart fire år som støtteparti til regjeringa.

– Bur her folk? spurte han, og svarte seg sjølv:

– Det har aldri budd så mange som akkurat no.

– Har folk jobb?

– Ja. Vi er truleg den regionen i Europa som har lågast arbeidsløyse med 1,8 prosent no i februar.

Bustadbygginga aukar. Bustadprisane aukar. Sysselsettinga aukar. Det blir færre, men større gardsbruk. Alt dette trekte Rotevatn fram.

Protestutmeldingar

Innanfor landbruk, miljø, arbeidspolitikk, innvandring og ei rekkje andre område, meiner han Venstre har fått viktige gjennomslag.

Men i debatten fekk han høyre at ikkje alle er like nøgde. Ei rekkje lokallag, og hans eigen stortingsvara og fylkesleiar, Gunhild Berge Stang, tek til orde for å bryte banda med Framstegspartiet.

Dei meiner det har vore krevjande å bli assosiert med Frp.

Lokallagsleiar i Førde og tredjekandidat til Stortinget Anne Mette Hjelle seier dei har fått fleire utmeldingar den siste tida.

– Vi har mista viktige medlemmer. Dei er uroa for Frp og sentralisering. Vi må styrke distriktspolitikken, sa Hjelle på talarstolen.

Anne Mette Hjelle på Venstre-talarstol

UTMELDINGAR: Leiar Anne Mette Hjelle i Førde Venstre seier folk har meldt seg ut av partiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Til NRK utdjupar Sveinung Rotevatn sitt syn:

– Det er mykje som går bra. Vi i Venstre skal ikkje ta æra for alt. Men eg meiner vi har bidrege positivt til høg sysselsetting, låg arbeidsløyse og høgt investeringstempo i næringslivet og landbruket.

– Kven seier at det går dårleg?

– Senterpartiet og Arbeidarpartiet har all mogleg interesse av å skape eit bilete av det går veldig dårleg. Det meiner eg dei gjer både på Stortinget og her heime. Det er for så vidt ein opposisjon sin jobb å meine at dei har betre løysingar. Men eg meiner at det no går betre enn då dei sat i regjering. Og det er vår jobb å fortelje det.

I løpet av helga skal Sogn og Fjordane Venstre gje innspel til stortingsprogram, og gje sitt råd om kven Venstre bør samarbeide med etter valet.