Det var fredag morgon at ein bustad i Florø stod i full fyr. Irene Johansen og hennar ni år gamle son kom seg aldri ut av det brennande huset.
Sikta få timar seinare
Berre få timar seinare vart eksmannen henta, og seinare på dagen sikta og pågripen for mordbrann. Årsaka var at han i lang tid hadde truga kvinna. Men politiet har ikkje funne noko som knyter han til brannstaden, eller at brannen i det heile teke var påtent.
Advokaten seier han forstår kvifor dei mistenkte mannen, men seier politiet ikkje skulle ha sikta han allereie på fredag. Han burde hatt status som vitne til dei hadde funne ut av brannårsaka. Men advokaten vil skryte av politiet for godt arbeid når det gjeld etterforskinga, men meiner framleis at dei ikkje hadde grunnlag for å sikte mannen då dei gjorde det.
- Ingen trur han er skuldig
Med den massive mediemerksemda vart saka raskt samtaletema nummer ein i den vesle byen Florø. Difor er spørsmålet om dette vil påverke livet vidare for mannen. Men det trur ikkje Høivik. Han trur ikkje nokon i Florø trur han er skuldig.