Hopp til innhold

Kjenner seg nedprioriterte i valdssaker

Ambulansearbeidarar opplever ofte å bli møtt med vald og trugslar. Dei meiner dei som utøver vald slepp altfor billig frå det.

Dei jobbar for å berge liv, men blir ofte møtt med vald og truslar.
Det har omlag kvar tredje ambulansearbeidarar opplevd på oppdrag. Og dei meiner dei som utøver vald, slepp altfor billig frå det.

UTRYGGE: Ambulansearbeidarar meiner det er feil at det skal ha mindre alvorlege konsekvensar å utøve vald mot dei enn mot politifolk. Foto/redigering: Steinar Lote

Tal frå Ambulanseforum syner at opp mot 40 prosent av ambulansearbeidarane har opplevd trugslar eller vald det siste året.

– Veldig uheldig

– Vi har situasjonar der vi opplever folk som er påverka av rus, og situasjonar der vi rykker ut til slagsmål der personell blir skadd. Då kjenner vi oss utrygge, seier Ove Johan Haugerøy som er ambulansearbeidar for Helse Førde i Gloppen. I tillegg er han hovudverneombod for ambulansearbeidarane i fylket.

I fleire av sakene som gjeld ambulansepersonell vert valdsutøvarane frikjende, i sterk kontrast til saker der det er utøvd vald mot politiet.

– Det synest vi er veldig uheldig. Dei siste to åra har vi hatt to episodar hos oss der vi ser at rettsstellet dømmer ulikt i høve til offentlege tenestemenn i politiet og ambulansepersonell, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov.

Krev handling

Ambulansesjefen krev no handling frå styresmaktene, og seier at helsepersonell bør behandlast på same måte som politi.

Statssekretær i justisdepartementet, Vidar Brein-Karlsen frå Framstegspartiet, meiner ambulansefolk er godt beskytta gjennom lovverket.

– Vi er veldig opptekne av at helsepersonell og ambulansepersonell skal vere godt verna om og at det skal vere ein tydeleg straffetrugsel bak å angripe dei. Om dei meiner det er for dårleg, høyrer eg gjerne på argumenta.