Kjenner seg nedprioritert av Vegvesenet

Innbyggjarane i Bremanger føler rehabiliteringa av Skatestraumtunnelen er nedprioritert i forhold til Gudvangatunnelen. – Ingen blir nedprioriterte, forsikrar Statens vegvesen.

Skatestraumtunnelen og Gudvangatunnelen

NEDPRIORITERTE PÅ KYSTEN: Innbyggjarane i Bremanger meiner Skatestraumtunnelen ikkje har høg nok prioritet.

Foto: Montasje / NRK

Senterpartiet sin ordførarkandidat i Bremanger, Marius Strømmen, tykkjer det er underleg at det vil ta langt lengre tid å rehabilitere Skatestraumtunnelen enn Gudvangatunnelen.

Medan arbeidet er venta å gå i alle fall ut året i Bremanger, håpar Statens vegvesen å ha opna tunnelen i Aurland innan to månader.

– Eg ventar at vi som har ein undersjøisk tunnel, og er heilt avhengige av den, har like høg prioritet som Gudvangatunnelen, seier han.

Samfunn på pause

Ordførarkandidaten seier lokalsamfunnet lid med stenginga av Skatestraumtunnelen.

Som ei kriseløysing er ferjesambandet Smørhamn – Kjelkenes sett opp att. Ein jobbar også med å få på plass passasjertransport.

– Eg har veldig stor støtte frå mitt eige fylkesparti. Jenny Følling slo klart fast at dette har høg prioritet då ho var på besøk her. Dei jobba veldig hardt for å få til dette, men eg føler kanskje at det bør vere meir fokus på korleis vi kan ta tunnelen kjappast i bruk igjen. Om så berre med leiebil og kolonnekøyring deler av døgnet, seier Strømmen.

Avviser skeivfordeling

– Men er ikkje trafikkgrunnlaget heilt annleis, slik at ein må forstå prioriteringane som blir gjort?

– Det er klart, men vi har sett eit heilt lokalsamfunn på pause. Det råkar både turistnæringa vår, næringsliv og arbeidstakarar som pendlar kvar dag. Er turistnæringa i Indre Sogn viktigare enn turistnæringa i Nordfjord og Bremanger? Vi føler ressursane er skeivfordelte dersom vi blir nedprioritert med lengre renoveringstid enn Gudvangatunnelen.

Svenn Egil Finden byter jobb

VIL OPNE: Svenn Egil Finden forsikrar at det blir jobba på spreng med å få opna Skatestraumtunnelen så raskt som råd.

Foto: Opedal & Søner

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden hos Statens vegvesen avviser at den eine tunnelen ikkje er nedprioritert i høve til den andre.

Stort skadeomfang

Han forklarar det lange rehabiliteringsarbeidet i Skatestraumtunnelen med stor skilnad i skadeomfanget.

Bensinen som rann ut og byrja å brenne i Skatestraumtunnelen har gjort stor skade på grunn og dreneringssystemet . Det same gjeld vass- og frostsikringa.

– I praksis må vi nesten rehabilitere tunnelen i 500 meter lengde, frå det som ville vere ein rå-sprengd tunnel til ein ferdig tunnel, seier Finden.

Brannen i Gudvangatunnelen var langt mindre og gjorde mindre skade.

– Vi må ta att kring 100 meter lengde, noko meir på det elektriske, men her er det ikkje store strukturelle skadar i tunnel og grunn. Vi snakkar eit heilt anna skadeomfang, seier Finden.

Har full trykk

Avdelingsdirektøren seier det heller ikkje er same entreprenør som arbeider i dei to tunnelane, slik at rehabiliteringane kjem i konflikt med kvarandre.

– Er det ikkje berre å intensivere arbeidet med Skatestraumtunnelen?

– Jau då, og det blir gjort. Eg er imponert over arbeidet som er gjort og ein jobbar så mykje som det tillèt å gjere, men av omsyn til tryggleiken kan ein ikkje starte fleire arbeidsoperasjonar samstundes. Ein må få gjort arbeidsoperasjonar i rett rekkjefølgje og vi må halde oss til Arbeidsmiljølova når det gjeld arbeidstider.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.