Hopp til innhold

Kjenner seg ikkje att i søknad

Medan Nesse Grendalag har skrive brev til Fylkesmannen med krav om grensejustering for å få grenda inn under Høyanger, er ikkje bedriftene på Nesse like ivrige, skriv Sogn Avis. Trass i at dei er nemnde i brevet, seier bedriftsleiarane for både KMI A/S, Nesseplast, Nessemaskin og Sæle Sag at dei ikkje kjenner seg att i formuleringane. Leiar i grendelaget, Norodd Baug, seier til avisa at tekst kan tolkast i ulike retningar, og at dei ikkje fekk noko innspel på folkemøtet om at det var problematisk å formulere seg slik.