Hopp til innhold

Mange kjenner ikkje reglar for korleis ein kan avlive katt og hund

Mange kjenner ikkje til reglane for korleis ein lovleg kan kvitte seg med uønskte kattar og hundar. Både Mattilsynet og Dyrebeskyttelsen ber folk få opp auga.

Kattunge

MISTA SØSKEN: Eit søsken av denne kattungen vart slått i hel. Det er ulovleg, men det er det mange som ikkje veit.

Foto: Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane

Du har gjerne høyrt historier om kattar som har blitt dumpa i elva, eller forlatne på dynga. Nokre går så langt at dei tek livet av dei med rein handmakt, mellom anna ved å slå dei i hel.

Men det finst strenge reglar for korleis ein lovleg kan ta livet av hundar og kattar. Men desse reglane er dessverre for lite kjente blant folk flest, meiner både Dyrebeskyttelsen og Mattilsynet.

Slo i hel kattunge – mann politimeld

Sist veke vart Dyrebeskyttelsen kontakta av folk som hadde klart å stogge ein mann som slo i hel ein kattunge med fleire spadeslag. Dyrebeskyttelsen er skaka og meiner dette heilt klart er straffbart.

– Det er uverdig å drepe eit forsvarslaus dyr på ein så smertefull måte. Katten må ha vore livredd, og hadde ikkje sjanse til å komme seg unna, seier Bettina Astor i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane.

Astor seier mannen ikkje kjente til reglane som gjer dette til ei ulovleg handling, og meiner det dessverre er alt for mange som tek livet av kattane sine ulovleg.

Det er dyrevelferdslova og forskrift om avliving av hund og katt som seier noko om korleis ein kan ta livet av desse dyra.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Politimeld etter kattedrap

POLITIMELD: Ein mann i Sunnfjord vert politimeld etter å ha slått i hel ein katt med spade. Både Mattilsynet og Dyrebeskyttelsen meiner mange ikkje veit at det finst reglar som forbyr denne typen avliving.

– På plass med ei politimelding

Mattilsynet er av same synet som Dyrebeskyttelsen: mange anar ikkje at desse reglane finst. Seniorinspektør Terje Ramstad ved Mattilsynet i Sunnfjord og Ytre Sogn støttar Dyrebeskyttelsen som no har gått til politiet.

– Vi synst det er på plass med ei politimelding, seier Ramstad.

Både Mattilsynet og Dyrebeskyttelsen er klare på at folk som tek på seg ansvaret med å ha dyr også må ta ansvar for å avlive dei på ein skikkeleg måte.

Tre lovlege måtar å gjere det på

For katt og hund kan det gjerast på tre måtar, forklarar Ramstad.

– Det eine, som dei aller fleste gjer, er å gå til dyrlegen. Det andre er at dei som kan handtere skytevåpen kan ta livet av dyra, då med eit skot mot dyra sin hjerne. Det tredje er å avlive med slag, dette må gjerast før dyra er åtte dagar gamle, det vil seie før dei har fått auge, seier Ramstad.

Han understrekar at det viktigaste er at ein sikrar at ein tek livet av dyra på ein måte som sikrar at dei lir minst mogleg.

– Eg håpar folk blir meir bevisste på dette, seier Ramstad.