Hopp til innhold

Kjenner ikkje på «flyskam»

Han har reist til alle land to gonger og har akkurat skrive bok om dei 20 minst besøkte landa. Nyleg fekk Gunnar Garfors frå Naustdal mykje kritikk for ein kronikk han skreiv om at det er inga skam å fly.

Gunnar Garfors

FORSVARAR FLYGING: Gunnar Garfors flyr meir enn dei fleste.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg har fått mange kommentarar på kronikken eg skreiv. Dei fleste ser ut til berre å ha lese overskrifta, seier Garfors.

Naustedølen er i det siste nærast blitt synonym med dei som flyr for mykje.

– Om alle i heile verda slutta å fly i morgon så er det framleis berre ein liten del av klimautsleppa som vil forsvinne, seier Garfors.

Flyskamlaus

I den mykje omtalte kronikken «Inga skam å fly» hevdar han vi at i jakta på den farlege flytrafikken gløymer andre utslepp.

– Eg har sett på dei tala. Det gjorde eg i samband med at eg skreiv bok om å reise til verdas minste besøkte land. Då har eg samanlikna flyreiser med til dømes internettbruk som fører til like store klimagassutslepp. Fabrikkprodusert hunde- og kattemat ureinar 50 prosent meir enn det fly og internett står for, seier Garfors

Sjølv har han vitja alle verdas land ikkje berre ein, ein men to gonger. Det inneber sjølvsagt flyging, mykje flyging. Han likar ikkje omgrepet flyskam som kritikarane brukar.

– Personleg så gjer det meg ikkje noko. Eg er flyskamlaus om eg no skal gå inn på dei omgrepa. Men eg tykkjer det er rart at ein vel å bruke retorikk for å sette andre på plass og prøve å gi andre skamkjensle, seier Garfors.

Stein i glashus

Som innbyggarar i eit av verdas rikaste land, og som lever av produsere olje og gass meiner Garfors at det vert som å kaste stein i glashus når vi kritisere flyreiser

– Vi lever i eit industrialisert land som produserer olje og gass, og så skal ein bruke retorikk for å gi enkelte dårleg samvit. Det bit ikkje på meg, men det er sikker mange som kjenner på det og som kanskje er avhengige av å fly i jobbsamanheng eller for å vitje familie og vener eller kva det måtte vere.

I kronikken skriv Garfors mellom anna at eit kutt på 14 prosent i forsvarsaktiviteten ville redusere utsleppa like mykje som det all flyging står for

–Eg opplever det som litt rart at eg vert angripen etter å ha skriv denne kronikk. For der seier nettopp det at vi må redusere innanfor alle område inkludert fly. Så det verkar som dei som svarar på kronikken, og det har vore ganske mange, berre har lese overskrifta, seier Garfors.