Hopp til innhold

Kjenner du barn som seier Klart eg kan?

Dokumentarserien Klart eg kan treng tips om nye modige barn.

Norsk dokumentarserie. Musikkvideo for Klart eg kan.

MUSIKKVIDEO: Anna Naustdal, Alfred Korsøen, Erian Vilnes, Aleksandra Sandvik, Felix Solheim og Johanna Dalsbø Tøsse syng og dansar i musikkvideoen som blei laga til den siste sesongen av Klart eg kan.

Sesong seks av den populære serien går no på NRK Super, og kvar tysdag blir ein ny episode lagt i NRK Super sin nettspelar.

Serien har gode sjåartal og barna vil stadig har meir. Difor er det bestemt at det skal lagast ein sesong til.

Meistring

Aleksandra drillar

ALEXANDRA: Aleksandra Sandvik frå Florø er ei av dei som er med i sesong 6. Ho skal drille på stort stemne.

Foto: NRK

I Klart eg kan møter barna utfordringar mange kan kjenne seg att i. Mange har eit mål dei vil nå og som dei jobbar hardt mot det. Andre prøver noko for alle første gong, medan andre må meistre utfordringar dei helst ville vore forutan, som til dømes sjukdom eller sorg.

– Når sesong 6 er ferdig, er det laga over 70 episodar av serien. Likevel er vi sikre på at det er fleire spennande historier å fortelje, seier prosjektleiar Kjellrun Lavik.

Barn mellom 4–8 år

Noah Christensen Leirstein - Klart eg kan

NOAH: Noah Christensen Leirstein (7) frå Bergen skriv songar heilt sjølv og likar å synge dei framfor publikum. No har han bestemt seg for å skrive ein song om vennskap.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Lavik seier dei gjerne vil ha tips om gutar og jenter mellom i alderen 4 til omlag 8 år. Klart eg kan ønskjer å spegle heile mangfaldet på Vestlandet og vil gjerne ha tips om barn med ulike nasjonalitetar.

Kanskje er det nokon som skal ta ein operasjon og er spent på korleis det vil gå? Eller få seg briller?

– Kjenner du eit barn som vil bygge hytte i eit tre, lære seg å surfe, eller som sparar pengar til noko han eller ho ynskjer seg? I tilfelle vil vi gjerne vite om det, seier Lavik.

Klart eg kan-redaksjonen ønskjer sjølvsagt tips om heilt andre tema og utfordringar også.

– Det viktigaste er at barna er spente på det som skal skje.