Hopp til innhold

Kjenner du att desse jentene?

I 1965 var fire jenter elevar i sløydklassen på Heimeyrkesskulen i Jølster. Dit reiste Dagsrevyen for å lage reportasje.

Dagsrevyen februar 1965. Piker går i sløydklassen ved Heimeyrkesskolen i Jølster.

SJÅ VIDEO: «4 piker går i sløydklassen ved Heimeyrkesskolen i Jølster». Veit du kven dei er? NB! Det er ikkje lyd på videoen.

«Piker i snekkerlære» blei innslaget frå februar i 1965 kalla. For det var nok ikkje heilt vanleg at jentene valde dette faget på den tida heller.

I NRK sitt rikhaldige arkiv finns det 30 sekund som viser dei fire jentene som stolte viste fram gjenstandane dei hadde skore ut i tre.

Veit du kven dei fire jentene er? Og blei nokre av dei snikkarar? Tips oss gjerne på sf@nrk.no.

Heimeyrkesskulen i Jølster fekk tidleg ord på seg for ein skule av høg kvalitet, og vart søkt av ungdom frå heile landet. Utgangspunktet for skulen var som i så mange andre bygder, dei mange snikkar- og saumkursa som vart haldne for gutar og jenter i mellomkrigstida.

Piker i snekkerlære

KAFFIKANNE: Denne kanna er laga i sløydklassen.

Foto: NRK

I Jølster utvikla dette seg til planar om ein fast skule, utarbeidde av Kristian Eikås og Johan O. Nedrebø. Skulen blei grunnlagt i 1949 og kommunal i 1949.

I 1992 blei skulen slått saman med Mo Jordbruksskule til Mo og Jølster vidaregåande skule. I 2013 vedtok fylkestinget å legge ned Mo og Jølster vidaregåande skule avdeling Vassenden.

Vassenden i 1961 med Heimeyrkesskulen

På dette flyfotoet av Vassenden frå 1961 ser vi Heimeyrkesskulen nærast. Foto: Fjellanger Widerøe. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Foto: Fjellanger Widerøe / © Fylkesarkivet