Hopp til innhold

Eigaren trudde båten låg på havbotnen

Trebåten som i ettermiddag kom drivande i Solheimfjorden er no på slep.

Båt utanfor Florø lufthamn

EIGARLAUS: Ein privatperson meldte frå til politiet om denne båten. Etter kort tid fekk politiet tips frå publikukm som gjorde at dei fekk kontakt med eigaren.

Foto: Politiet

– Publikum tipsa oss om kven eigar var, så vi fekk kontakt. No har han båten på slep, så den er under kontroll, opplyser operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Vest politidistrikt i Florø.

Ifølgje Gulliksen var ikkje eigar klar over at båten låg i fjorden og dreiv. Han var sikker på at den hadde gått ned.

– Eigar hadde båten på slep i går, men måtte gje opp då den byrja å synke. Han var sikker på at båten låg på botn, seier han.

Det var laurdag ettermiddag at politiet sendte bilete og bad publikum om hjelp for til å finne eigaren av båten. Den låg då kring 100 meter frå naustet ved Florø lufthamn og var til fare for anna båttrafikk.

– Den har teke inn ein del vatn, og ligg nesten heilt under. Med tanke på anna trafikk på sjøen, så er vi interessert i å få den på rett kjøl. Den ligg litt kinkig til. Den ligg laus og driv utover, sa Gulliksen då.