NRK Meny
Normal

Har tent seg rik på restaurantar

Kameratane Terje Ness og Ole Jonny Eikefjord er store på den norske mathimmelen. Det syner og att på skattelistene.

Terje Ness

RIK PÅ MAT: Terje Ness har gjort det stort innan restaurantbransjen i Noreg.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Blant kjendisane frå Sogn og Fjordane toppar restaurantgründarane frå Førde inntektstoppen.

Solid formue

Terje Ness opna nyleg landets dyraste restaurant, Onda, som ligg på Aker Brygge. Her kan gjestene ete gourmetmat, men kravet er at ein er minst fire til bords og et for minst 12.000 kroner.

I følgje skattelistene som blir lagt fram i dag sit Ness med ei formue på over 6,8 millionar og ei inntekt på kring 2,2 millionar frå 2010.

Ole Jonny Eikefjord

GOURMET: Ole Jonny Eikefjord leverer gode resultat - og god mat.

Foto: Werner Anderson

Folke-gourmet

Kameraten Ole Jonny Eikefjord har vore innom fleire kjende restaurantar i hovudstaden, ikkje minst Restaurant Eik og Annen Etage og Theatercafeen. Han hadde i 2010 ei inntekt på 1,9 millionar og ei formue på vel 2,6 millionar.

– Ole Jonny har vore tidleg ute med "Gourmet til folket". I tillegg så var han den første i Noreg som lanserte ein røykfri restaurant. Dette stadfestar at han er ein trendsetter i faget. Og – han tener pengar, sa forretningspartner Petter Stordalen til nettstaden E24.

Aksel Hennie og Tone Damli Aaberge

KJÆRESTEPAR: Tone Damli Aaberge tente godt i fjor. Her saman med kjærasten Aksel Hennie.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Meir til Moods

Det løner seg og godt å lage designklede. Peder Børresen, som er ein av gründerane bak Moods of Norway, sat att med ei formue i 2010 på 8,9 millionar kroner.

Av dei musikalske kjendisane våre er Tone Damli Aaberge den som tente mest i følgje listene. Ei inntekt som artist på 1,2 millionar står det respekt av, for Sogndalsjenta som vart kjend då ho kom på 2. plass i Idol i 2005.

Kjendislista

Namn

Yrke

Alder

Inntekt

Formue

Skatt

Kommune

Terje Ness

Restaurantgründer

39

2220890

6819586

831546

Oslo

Ole Johnny Eikefjord

Restaurantgründer

41

1909882

2663203

732637

Oslo

Tone Damli Aaberge

Artist

23

1188835

0

544065

Sogndal

Solveig Margrethe Barstad

TV2-profil

45

767425

18919

306987

Bærum

Terje Lyngstad

Teatersjef

45

633550

0

262199

Førde

Olaug Nilssen

Forfattar

34

631159

0

253163

Bergen

Simen Aleksander Stålnacke

Moods-gründer

35

602734

0

240791

Oslo

Peder Kristian Børresen

Moods-gründer

34

595528

8981949

321848

Oslo

Ragnhild Sæltun Fjørtoft

Programvert

64

578264

2485259

231110

Lørenskog

Oddvar Hermannson Torsheim

Kunstnar

73

561085

2269004

183447

Førde

Finn Tokvam

Journalist/ artist

39

559022

431808

223770

Bergen

Kari Standal Pavelich

Operasjef

51

464696

0

172013

Eid

Birger Rune Mæland

Journalist/artist

60

443238

0

168830

Jølster

Stig Espen Eikaas

Kunstnar

59

398548

3207180

158687

Bærum

Synnøve S. Bjørset

Musikar

32

391524

546190

143226

Jølster

Odd Erik Lothe

Lærar/artist

39

375393

0

130739

Oslo

Sigrid Therese Moldestad

Musikar

39

355316

0

141987

Bergen

Frode Søreide

NRK-journalist

32

346978

0

122270

Oslo

Hans Jakob Reite

Kulturmeldar, NRK

55

303336

0

99736

Førde

Roger Allan Ivin

Musikar

36

300473

0

109835

Sogndal

Yngvar Andersen

Treningsguru

37

292118

0

108273

Oslo

Fridtjov Urdal

Kultuarbeidar

59

269693

150350

90863

Jølster

Morten Sandøy

TV2-profil

47

257662

0

179890

Bergen

Steinar Engelbregtson

Musikar

45

218079

302107

76273

Gloppen

Geir Sverre Hjetland

Kunstnar

56

188957

1170074

63236

Balestrand

Olav Stedje

Artist

58

188072

0

67362

Bærum

Ole Johannes Øvretveit

Bloggar

44

130895

0

46099

Gaular

Eva Skram Stenersen

Artist

25

130781

0

46248

Sogndal

Anne Bergitte Viken

Veterinær/bloggar

32

116285

0

13092

Gaular

Robert Mowatt

Musikar

25

51700

0

9252

Bergen

Vegard Leite

Idol-finalist

19

24473

0

5468

Askvoll

Håkon Njøten

Artist

26

7009

0

0

Bergen

Arle Hjelmeland

Artist

53

0

745385

500

Førde

Håvard Lothe Lauritsen

Musikar

29

0

0

6122

Flora

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå