NRK Meny

Kjendiskokk fråstolen vin

Kokken Ole Jonny Eikefjord frå Førde og hotellkonge Petter Stordalen har blitt fråstolne 50 flasker av verdas dyraste vin, skriv TV2. – Dei har teke dei absolutt dyraste, seier Eikefjord. Tjuvane fekk med seg til saman 62 flasker med vin og Eikefjord seier til TV2 at vinen har ein verdi på 1,5 millionar kroner. Innbrotet skjedde på gourmetrestauranten Teatro i Oslo og blei oppdaga 11. januar.

Ole Jonny Eikefjord
Foto: David Kandal / NRK