Hopp til innhold

Fortidsminneforeininga kjende ikkje til kutt i brannberedskapen

Frå 1. mai halverer Vik kommune brannberedskapen i helgane. Trass i at kommunen har ei av landets eldste stavkyrkjer, kjende ikkje eigedomssjefen i Fortidsminneforeininga til kutta før NRK ringde.

Hopperstad og Thorne

UKJENT: Eigedomssjef i Fortidsminneforeninga, Eli-Sofie Thorje, kjende ikkje til kutta i brannberedskapen i Vik. Til venstre Hopperstad stavkyrkje i Vik.

Foto: Ottar Starheim / NRK/Fortidsminneforeningen

– Nei, desse endringane har ikkje eg vorte orientert om. Dette var ein ny situasjon for oss, seier eigedomssjef i Fortidsminneforeininga, Eli-Sofie Thorne.

Fram til 1. mai har Vik kommune fire brannfolk på vakt kvar helg, ein utrykkingsleiar og tre brannmenn. Men etter 1. mai er denne beredskapen halvvert.

Då vil det berre vere éin utrykkingsleiar og ein brannmann på jobb, sistnemnde fungerer også som sjåfør.

Må kunne rykkje ut på kort varsel

– Vi ser urovekkjande på dersom beredskapen vert svekka. Vi har ansvar for våre stavkyrkjer og desse er perler i kulturminnesamanheng. Det er viktig at vi til ei kvar tid kan vite at vi har brannvesen som kan rykkje ut på kort varsel, seier eigedomssjef i Fortidsminneforeningen, Eli-Sofie Thorne.

Eli-Sofie Thorne

UROA: Eigedomssjef i Fortidsminneforeningen Eli-Sofie Thorne er uroa.

Foto: Fortidsminneforeningen

Vik-ordførar Marta Finden Halset ser ikkje trongen for at Fortidsminneforeininga burde vore informert om endringa i brannvernet.

– Eg veit ikkje kva Fortidsminneforeininga skal ha med brannvesenet i Vik å gjere. For meg som ordførar er livet til folk i Vik det viktigaste, seier Vik-ordførar Marta Finden Halset.

Endringa av brannberedskapen, som vart vedteke i kommunestyret i juni i fjor, har ført til uro i rekkjene av brannfolk i Vik. Ni av brannmennene har takka nei til å halde fram i ordninga som vert innført 1. mai, og ingen nye søkjarar har meldt seg til deltidsstillingane.

Det er bakgrunnen for at saka kjem opp på torsdagens styremøte i Sogn brann og redning. Også i Luster brannvesen er dei tilsette uroa for den nye vaktordninga som trer i kraft 1. mai, ifølgje Sogn Avis.

I Luster finn ein landets eldste stavkyrkje, Urnes, og Gaupne gamle kyrkje som også ligg inn under Fortidsminneforeningen.

– Må kunne ta vare på våre viktigaste kulturminne

Thorne likar situasjonen dårleg, og fryktar for kva som skjer etter 1. mai.

– Det er grunn til å vere uroa når vi ikkje klarar å halde oppe ei vaktordning i vårt rike samfunn. Det må kunne vere slik at vi kan ta vare på dei aller viktigaste kulturminna våre på den aller beste måte, seier Thorne.

Ho understrekar at alle bygningane som er innanfor Fortidsminneforeninga sin overbygning er godt verna mot brann.

– Vi har eit svært godt samarbeid med Riksantikvaren når det gjeld sikringssystem. Men det er klart at vi er svært avhengige av lokale brannvesen rundt omkring dersom katastrofen skulle oppstå, seier Thorne.

Ho understrekar at det er essensielt med kjapt lokalt brannvesen dersom det skulle ta fyr i til dømes ei stavkyrkje.

– Eg torer ikkje tenkje på det eigentleg. Det er av utruleg avgjerande betydning at brannmannskap kjem kjapt til staden, seier Thorne.

Ho peikar på kor mykje innsatsen til folk lokalt har betydd for tryggleiken til dei mange gamle bygningen til foreininga.

– Vi har hatt naboar med vakne auge, vi har tilsynshavarar som følgjer med heile tida. Når det gjeld å førebyggje trur eg vi er heilt på topp når det gjeld sikrings- og varslingsanlegg, seier Thorne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hopperstad stavkyrkje i Vik
Foto: Ottar Starheim / NRK

Vil finne ut kva vedtaket betyr

Men ho peikar på at det slett ikkje betyr at ein ikkje har trong for eit velfungerande lokalt brannvern.

– Vi må kunne store på at dei som har ansvaret i kommunane for det daglege brannvernet fungerer. Vi kan aldri fullt ut erstatte eit fungerande brannvesen, seier Thorne.

Ho kjem til å ta kontakt med både Vik og Luster kommunar for å finne ut kva konsekvensar dette kan få for bygningane som foreininga har ansvar for.

– Eg må finne ut kva dette betyr for beredskapen til kyrkjene våre, seier Thorne.

Halvverer beredskapen

– Vi er midt inne i ein prosess. Per i dag er brannberedskapen slik han alltid har vore, og skal vere, etter det som er vedteke, seier brannsjef i Sogn brann og redning, Johnny Skjerping.

Men han vedgår likevel at om knapt tre veker vil brannberedskapen i Vik kommune vere halvvert på helg. Då vil det berre vere to mann på vakt, ein utrykkingsleiar, og ein sjåfør.

Resten av brannkorpset er deltidstilsette og har ikkje vakt. Dei vert tilkalla med personsøkjar, men dei har ikkje noko krav til seg på å vere innanfor kommunens grenser. Dermed er det langt ifrå sikkert at ein får fullt mannskap ut på vegen dersom det skulle bli ein brann.

– Vi veit at 1. mai kan beredskapen vere dårlegare og ikkje akseptabel, alt etter kva løysingar vi kjem fram til i denne prosessen, seier Skjerping.

– Vik kommune har ei av landets eldste stavkyrkjer. Burde ikkje Fortidsminneforeninga vore informert om endringane i brannvesenet?

– Nei, eg ser ikkje noko grunn til at vi skal gå ut og informere kvar einskild. Det er ikkje noko endeleg utfall i denne saka endå, seier Skjerping.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Brann ved Hopstock hotell

Brann ved Hopstock hotell

Er eigarane sitt ansvar

Torsdag er det styremøte i Sogn brann og redning, og då vil situasjonen som har oppstått bli diskutert.

– Vi har fått nokre signal som vi jobbar etter for å få dette opp å gå, seier Skjerping.

Han peikar på at det er Fortidsminneforeninga som har ansvar for sine eigne bygningar.

– Det er i utgangspunktet eigarane sitt ansvar å ha ein god beredskap i bygget. Når det skjer noko så er det jo den beredskapen som skal komme på bana. Det er slik det er lagt opp. Ut over vanleg brannberedskap i kommunen så er det eigarane sitt ansvar å sikre bygga sine mot brann, seier Skjerping.

– Har eigedomssjefen i Fortidsminneforeininga grunn til vere uroa?

– Ikkje i dag. På sikt etter 1. mai så må ein kanskje på nokon av objekta ta andre forholdsreglar, anten organisatorisk eller teknisk. Viss eigarane er uroa og gjer sine vurderingar, så må dei gjere tiltak som kan kompensere for brannberedskapen, dersom dei dimensjonerer det etter det. Då må ein sjå kva ein kan gjere sjølv, seier Skjerping.

– Så Fortidsminneforeininga får meir ansvar når den nye ordninga trer i kraft?

– Nei. Dei har alt ansvar, dei, seier Skjerping.