Hopp til innhold

Kjend naturfotograf døydde i skredulukke

Det var den 37 år gamle naturfotografen og læraren Benjamin Hjort, busett på Voss, som døydde sundag ettermiddag etter å ha blitt tatt av eit snøskred i Aurland.

Snøskred i Aurland

AURLAND: Her blir den skadde henta med helikopter.

Foto: Arne Veum

Benjamin Hjort har i mange år vore ein sentral person i friluftsmiljøet på Voss, og har mellom anna jobba som fotograf for ulike NRK-produksjonar. Hjort var fødd og oppvaksen i Trondheim.

Mannen vart sundag ettermiddag send med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus. Klokka 18.30 melder dei på sine nettsider at mannen er død og at dei pårørande er varsla.

Politiet melde om hendinga på Twitter like før klokka 14 sundag. Hovudredningssentralen vart varsla klokka 1309.

Det var eit turfølgje som sjølve løyste ut skredet på vestsida av Flenjaeggi.

– Ein mann vart teken av snøskredet og kameratane fann vedkommande etter eit overflatesøk, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Vest politidistrikt i Florø.

Tatt av skred i Aurland

TATT AV SNØMASSANE: Her får den skadde hjelp etter å ha blitt tatt av snøskred.

Foto: Arne Veum

Det skal vere ulendt terreng i området der den skadde er. Skredet er mellom 30 og 40 meter breitt og er utløyst kring 400 meter over der mannen vart funnen.

Snøskred i Aurland

HER GJEKK SNØSKREDET: Her flyr redningshelikopteret over det om lag 30–40 meter breie snøskredet.

Foto: Aren Veum

38-åringen vart begravd av snømassane.

– Vi har ikkje fått snakka med personane som har vore med han. Han vart funnen av dei han var på skitur med. Vi har heller ikkje informasjon om han har vore heilt under snøen, seier Holme når NRK snakkar med ho like før klokka 15.00.

Langhuso i Aurland

AURLAND: Ein person er teken av eit snøskred i fjellsida over Flenjatunnelen i Aurland.

Foto: Arne Veum

– Personen er skadd og luftambulansen, politi og brannvesen er på staden. Men vi må ha ein Sea King frå Florø på plass for å få løfta vedkommande ut, opplyser Nils Ole Sunde ved Hovudredningssentralen på Sola.

E16 Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen var ein periode stengd som følgje av skredet. Dette fordi luftambulansen måtte lande i vegbana. Vegen er opna att no.

Aurland