Hopp til innhold

Kjemperas kan kome utan forvarsel

Professor Jørn Vatn ved NTNU i Trondheim fryktar at det enorme fjellpartiet Stampa kan rase i Aurlandsfjorden utan forvarsel.

Stampa/Joasete frå Flåm

STAMPA: Dersom fjellet Stampa rasar i fjorden, kan det skape ei flodbølgje på 80 meter.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vatn er ekspert på risikoanalysar og meiner at det ikkje finnast noko garanti mot at fjellet brått rasar ut.

– Frykta er at det ikkje kjem forvarsel som seier at raset kjem. Og det kan skje. Difor ynskjer vi meir tryggleik i stabiliteten i området, seier han.

100 mill. m³.

Sprekker i fjellet Stampa i Aurland.

STAMPA: Det er store sprekkjer i fjellpartiet mellom Flåm og Aurland.

Foto: Aurland kommune.

Fjellpartiet mellom Flåm og Aurland er på svimlande 100 millionar kubikkmeter. Bergarten er fyllittisk og laus med mykje sprekkjer, og med mykje vatn blir fjellet endå lausare.

Medan ekspertar og representantar frå kommunen meiner det er minimal fare for at fjellet kjem utan forvarsel, seier Vatn at dette er umogleg å fastslå.

– Det er gjort nokre få analyser, men der manglar ein innsikt i grunnforholda. Difor er det føreslege boring for å sjå på vassmengda i bergstrukturen, seier han.

Enorm flodbølgje

– Uvissa ligg der. Det har vore rørsle der, og det kan plutseleg skje, legg Vatn til.

Fjellpartiet har ikkje rørt fort på seg. Men dersom fjellpartier rasar ut, viser ulike modellar kor stor flodbølgja kan bli.

– Kjem det veldig store skredet, så snakkar vi om 80 meter, fortel leiar for skredsikringsprosjektet i Aurland, Bjørn Sture Rosenvold.

Understrekar alvoret

Ulike faggrupper, med ekspertar frå mellom andre NGI og SINTEF, konkluderer med at dei store mengder vatn som renn ned i fjellsprekkene må drenerast vekk frå området.

Noralv Distad

Noralv Distad VIL HA PENGAR: Ordførar Noralv Distad og prosjektleiar Bjørn Sture Rosenvold, meiner NVE må bla opp.

Foto: Bård Siem / NRK

Problemet er at NVE så langt har sagt nei til å setje av fire millionar til å gjennomføre førebuande fjellboringar. Det frustrerer ordførar i Aurland Noralv Distad, som seier uttalen frå professor Vatn viser alvoret i situasjonen.

– Veldig mange har sagt at dette ikkje vil skje brått og uventa. Han er fagkyndig og det han seier understrekar alvoret i saka. Dermed er det då at ein no får gjort dei boringane som skal gjerast, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video nsps_upload_2008_11_11_11_23_41_682.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SJÅ: Fjellpartiet Stampa sett frå lufta.

NVE si oppgåve

– Kan det vere aktuelt for kommunen å finansiere?

– Det kan ikkje vere slik at når det gjeld rassikring, som er problem over store delar av landet, at kommunen skal stille med pengar til utgreiing av sikringstiltak. Slik kan ikkje vere, seier han.

Vassdrags- og energidirektør Per Sanderud vedgår at NVE ikkje kan stille garanti for rasfaren, men held fram at det ikkje er noko som tilseier umiddelbar rasfare. Han legg til at det er snakk om prioriteringar av pengar og tiltak.

– Det er svært mange potensielle skadeområde i Norge, og vi må prioritere, seier han.